Innføring av faglærarsystem frå fyrste klasse er skivebom

Debatt: Dei fyrste skoleåra treng elevane tryggleiken det er å ha ein kontaktlærar som følgjer ein opp.

Publisert

Utdanningsforbundet Voss meiner at det er skivebom å innføra eit faglærarsystem frå fyrste klasse. I barneskulen treng eleven tryggleiken gjennom ein kontaktlærar som har breidda i faga, ikkje minst gjeld dette i småskulen. 6- åringen treng dei trygge rammene som ein får gjennom å forhalda seg til ein kontaktlærar.

Kompetansekrava for å undervisa i norsk, matematikk og engelsk, har ført til eit paradigmeskifte i barneskulen, der ein går over til eit faglærarsystem heilt ned til 1. klasse. Dette skjer utan at det har vore nokon prinsippdebatt omkring det. Utdanna allmennlærarar har tidlegare vore kompetente til å undervisa i alle fag. No vil dei kunne bli erstatta av faglærar i inntil tre fag. UDF Voss meiner dette er å gå i heilt feil retning. Korleis vil konsekvensane bli for elevane i småskulen?

Før hadde dei yngste elevane ein kontaktlærar som underviste i dei fleste fag, som kunne tenkja heilskapleg om undervisninga, jobba tverrfagleg, variera arbeidsmåtar og lengda på læringsøktene, og som gav dei meiningsfull undervisning og tryggleik i skulekvardagen.

Les også: Her er læreratferdene som fungerer best og dårligst

Kompetansekrava i norsk, matematikk og engelsk vil gjera undervisninga annleis med faglærarar som kjem inn i fleire fag, og har undervisning i faste tidsøkter utan den fleksibiliteten ein hadde før. Elevane må forhalda seg til mange ulike lærarar i løpet av dagen, i staden for den eine kontaktlæraren.

Utdanningsforbundet Voss meiner det blir vanskelegare å nå måla i fagfornyinga med eit faglærarsystem på småskulesteget, og at det vil føre til ein fragmentert skuledag for elevane der dei ikkje får den læringa og tryggleiken den treng i dei første skuleåra. Det er dei fyrste åra ein skapar grunnlaget for ei god skuletid, difor treng elevane tryggleiken det er å ha ein kontaktlærar som følgjer ein opp.

Me forventar at Utdanningsforbundet grip tak i problematikken, og arbeider imot eit faglærarsystem i barneskulen. Vidare meiner me at lærarar som har teke godkjent grunnskulelærarutdanning, og som har minst eit av basisfaga, må bli anerkjent som kvalifiserte til å undervisa småskuleelevane i alle fag, uavhengig av om dei fyller dei nye kompetansekrava.

Resolusjon frå årsmøtet 2021
Utdanningsforbundet Voss
Kåre Grevle, leiar

Powered by Labrador CMS