– Kvifor er det hjå barnehagelærarane ein ser auke i sjukefråværet? Er det arbeidets art som har endra seg?

Sjukefråværet i barnehagesektoren

Debatt: Er det mogleg å få ned sjukefråværet i barnehagesektoren med dagens rammevilkår?

Publisert Sist oppdatert

Den nye IA-avtalen, som blei gjeldande frå 1.1.2019, forventar ein reduksjon i sjukefråværet med 10 prosent. Me har eit høgt sjukefråvær i barnehagebransjen. I Bergen kommune, der eg jobbar, er den på heile 12 prosent. Og det er stabilt, til tross for at mange tiltak har vore utprøvde. For oss som jobbar i bransjen, er det forunderleg å sjå på korleis omgivnadene klør seg i hovudet og lurer på kvifor det er slik.Og la det vere sagt, det er ikkje nødvendigvis eit einsidig svar, men eg skal gjere eit forsøk på å oppklare litt.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), som forskar på arbeidsliv, peikar på nokre områder som er utfordrande for barnehagefolk. Høge emosjonelle belastningar – følelsar som ein del av jobben, støy, ivaretaking av utagerande barn, ergonomiske utfordringar og smitte og hygiene blir omtala som dei vanlegaste arbeidsmiljøutfordringane. Tidsskriftet for barnehagelærarar, «Første steg», slo i fjor fast at barnehagelærarane har gått forbi sjukepleiarane og no er den yrkesgruppa i landet som har høgast sjukefråvær. Ein begredeleg rekord å inneha. Og kvifor er det akkurat hjå barnehagelærarane ein ser det auka sjukefråværet? Er det noko med arbeidets art som har endra seg dei seinare åra?

Som hovudverneombod snakkar eg med mange barnehagelærarar. På spørsmål om tankar rundt det høge fråværet seier dei alle det same. Høgt arbeidspress, større barnegrupper, følelsen av å ikkje strekke til i kvardagen, ein rekk aldri å jobbe slik rammeplanen seier at ein skal. Ein tek på seg nye oppgåver heile tida, som stel frå tida me skulle hatt til direkte arbeid med barna. Ein stor del av det spesialpedagogiske arbeidet er dei siste åra har i større grad blitt lagt til barnehagen. Enkelte pedagogiske leiarar får delegert oppgåver som høyrer til arbeidsoppgåver som styrarane har, til dømes medarbeidarsamtalar og sjukemeldingsoppfølging. Dokumentasjonkrava og rapportskrivingskrava har auka på med ny rammeplan.Det er krevjande arbeide som barnehagelærarane blir satt til å utføre, men grunnbemanninga har ikkje auka, ikkje i praksis. Pedagognorma er auka, men det er ikkje fleire folk. Ikkje fleire famnar som trøystar, eller engasjerte kroppar som leikar politi og tjuv eller fleire hovud som fangar opp når barn blir mobba, har det vanskeleg i samspel eller har noko kjekt å formidle.

Så er spørsmålet: Er alle desse arbeidsoppgåvene blitt risikovurdert? Kva er konsekvensen av å tilføre fleire arbeidsoppgåver på barnehagelærargruppa? Internkontrollforskifta er heilt tydeleg på at arbeidsmiljøet skal kartleggast slik at ein kan finne risiko-område. Deretter må ein risikovurdere desse og finne tiltak som treff. Så dersom ein som pedagogisk leiar får delegert sjukemeldingsoppfølging, må ein stoppe opp og sette spørjeteikn ved dette. Står det i stillingsinstruksen min? Er det risikovurdert? Eller når barn med særskilte rettar, som treng spesialpedagogisk tilrettelegging får plass i din barnehage, på din avdeling, stiller du då spørsmål om det er risikovurdert at du i di rolle skal handtere og legge til rette for god pedagogisk praksis med dei ressursane som allereie er i den faste personalgruppa?

Me snakkar mykje om bemanningsnorm. Ei fast norm som gjeld i alle barnehagar. At den må styrkast. Men for meg gir det ikkje meining at ein skal bemanne opp etter barnetalet. Me må jo bemanne opp etter behov.

Me har ei arbeidsmiljølov som mellom anna slår fast i kapittel 4, Krav til arbeidsmiljøet: «Arbeidsmiljøet i virksomheten skal være fullt forsvarlig ut fra en enkeltvis og samlet vurdering av faktorer i arbeidsmiljøet som kan innvirke på arbeidstakernes fysiske og psykiske helse og velferd. Standarden for sikkerhet, helse og arbeidsmiljø skal til enhver tid utvikles og forbedres i samsvar med utviklingen i samfunnet.» Arbeidsmiljølova er sidestilt med barnehagelova. Arbeidsmiljølova bryr seg ikkje om vedtatt bemanningsnorm. Den bryr seg berre om at den enkelte arbeidstakar skal ha eit forsvarleg og helsefremmande arbeidsliv.

Barnegruppene er ulike frå år til år og mange faktorar kan spele inn med tanke på behov som manifesterer seg i gruppa . Barnehagepersonalet kartlegg det enkelte barnet sitt behov for omsorg og støtte, og gruppa sine behov i heilskap. Dette blir gjort via observasjon, barnesamtalar, samtalar med foreldre og refleksjonsrundar i personalgruppa. Rammeplanen legg også føringar når det kjem til progresjon, så for personalet i barnehagane er dette eit stadig pågåande arbeid.

Følgande døme er frå ei småbarnsavdeling med 9 barn i alderen 1-3 år. Grunnbemanninga er tre tilsette. Det eine året byrjar det 5 barn i alderen 1-1,5 år i løpet av august/september. Utrygge barn som brukte lang tid på å knytte seg til personalgruppa. Personalet blei gåande med høgt arbeidspress store deler av hausten med ei arbeidsbelastning som førte til sjukemelding med psykisk og fysisk utmatting. Hausten etterpå blir den same personalgruppa gåande med færre og eldre barn, som framleis gjekk som småbarn, men som hadde heilt andre behov. Arbeidsgleda kom attende, og det å arbeide med barn ga meining att. Barnebehova går i bølger, og då gir det ikkje meining at personalet er konstant når barnegruppa er i bevegelse. Bemanning må sjåast på som eit tiltak etter ei kartlegging og risikovurdering. Å ha barnehagepersonale som er friske, opplagte, motiverte og tilfredse med sitt eige arbeidsmiljø er heilt avgjerande for å kunne gi god tenestekvalitet.

– Det hjelper lite å tilby stressmestringskurs, trimrom og medikamenter når det er arbeidets art som er problemet.

Ebba Wergeland

– Det hjelper lite å tilby stressmestringskurs, trimrom og medikamenter når det er arbeidets art som er problemet. Det gjør bare vondt verre fordi det dekker over et alvorlig systemproblem som må løses i organisasjonen, skriv arbeidsmedisinar Ebba Wergeland i si nyaste bok, «Med fare for liv og helse. Uforsvarlige arbeidstider og hvordan vi avskaffer dem».

Me treng barnehageeigarar som er modige nok til å gå grundig inn i denne tematikken. Berre då kan det blir ei forandring. Me må slutte å bruke tid og pengar på tiltak som ikkje treff og sette inn støyten der det faktisk er behov for det.

Barnehagelærarane har det høgaste sjukefråværet og ein gjennomsnittleg avgangsalder frå yrket på 59 år. Det er alvorleg. Og utruleg trist. For eg veit at dei aller fleste som jobbar i barnehage elskar jobben sin, det er berre det at det blir for mykje av den.

Powered by Labrador CMS