Utset ny rammeplan for barnehagar

Høyringa om ny rammeplan for barnehagane blir utsett fram til 2015, melder Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. Klokt, meiner Hege Valås i Utdanningsforbundet.

Arbeidsgruppa som arbeider med framlegg til ny rammeplan for barnehagar, har hatt frist til 21. februar. Men i dag kom pressemeldinga om at høyringa om rammeplanen blir utsett og at det blir ein mellombels stopp i arbeidet med ny plan. Argumentet er at arbeidet med ny rammeplan og arbeidet med barnehagelova bør sjåast i samanheng.

Sentralstyremedlem og leiar i kontaktforum barnehage i Utdanningsforbundet, Hege Valås, seier til Utdanningsnytt at dette er klokt av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

- I januar 2012 fekk vi den offentlege utgreiinga «Til barnas beste. Ny lovgiving for barnehagene». Men etter det har arbeidet med ny barnehagelov stoppa opp. Om kunnskapsministeren hentar denne utgreiinga opp av skuffa igjen, kan vi ha ny lov på plass raskt, seier Valås, og held fram:

- Denne utgreiinga inneheld framlegg som vil bety svært mye for å sikre kvaliteten i barnehagane. Dei viktigaste er framlegget om bemanningsnorm og pedagognorm. Skal vi sikre kvaliteten i barnehagane, står lovarbeidet fram som vel så viktig som rammeplanarbeidet, slik stoda er akkurat nå. Difor er det lurt å stoppe litt opp for å koordinere desse prosessane, seier Valås til Utdanningsnytt.

- I dei utkasta til ny rammeplan som er offentleggjort, går utvalet ikkje inn for faste læringsmål i barnehagen, noe til dømes NHO har tatt til orde for. Trur du statsråden stoppar arbeidet for å få dette på plass?

- Vi har ein intens barnehagedebatt for tida. Eg kan sjølvsagt ikkje utelukke at her er faktorar i bilete som vi ikkje kjenner, seier Hege Valås.

Ny rammeplan kan etter den nye timeplanen vere på plass i 2016, melder Kunnskapsdepartementet.

Betre kvalitet

- Regjeringa har gitt eit løfte til barna, foreldra, dei tilsette og sektoren om å lyfte kvaliteten i barnehagane.  Både lovarbeidet og den reviderte rammeplanen skal medverke til barnehagetilbod av høg kvalitet. Derfor må vi sjå dei to prosessane i samanheng, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.

I 2013 fekk ei arbeidsgruppe i oppdrag av den førre regjeringa å lage eit utkast til revidert første del av rammeplanen. Gruppa har invitert til ein open og involverande prosess der mange har gitt innspel.

- Rammeplangruppa har gjort eit svært viktig arbeid. Eg ser fram til å setje meg inn i forslaget deira, og vil invitere til eit møte for å høyre grunngjevinga for forslaget. Når det no blir ein mellombels stopp i arbeidet med rammeplanen, er det fordi vi vil sjå dette viktige arbeidet i samanhang med lovendringane, seier Røe Isaksen i meldinga.

 Rammeplanen er eit viktig dokument for alle som arbeider i barnehagesektoren.

- Når vi skal revidere rammeplanen, er eg oppteken av at vi må sjå heile rammeplanen i samanheng. Del tre i rammeplanen har ikkje vore ein del av revisjonsprosessen fram til no. Eg ser det som mest fornuftig å sjå heile rammeplanen under eitt, seier kunnskapsministeren.