Finansiering til barnas beste er eit politisk ansvar

Debatt: Lovverket har i stor grad sikra ein profittfri skule. Det er like viktig å sikre ein profittfri barnehage.

Publisert Sist oppdatert

Vi som er tilsette i barnehagesektoren er smerteleg klar over at økonomi og kvalitet heng saman. Vi er nok fleire som har gått ut porten med klump i magen og tårer i augekroken fordi vi veit at når vi går av tidlegvakt, vil det ikkje vere nok bemanning att til å kunne gje eit forsvarleg pedagogisk tilbod. Til det er opningstida for lang og bemanninga for tynt smurt utover dagen.

Vi som barnehagelærarar skal observere og legge til rette for barns leik, utvikling, danning og læring. Vi skal vareta behovet for omsorg. Vi skal gje god språkstimulering og vi skal sørgje for at alle barn trivst, føler seg trygge og føler tilhøyrsle i barnehagen. (Rammeplan for barnehagen 2017)

Dei aller fleste barn trivst i barnehagen, dei har venner og dei er ein del av fellesskapet. Men det er også barn som strevar i leik og sosialt samspel med andre barn, og barn som av ulike årsaker er uttrygge og som treng ekstra støtte for å oppleve tryggleik og meistring. For å møte alle desse ulike barna på ein best mogleg måte krevst det både kompetanse og ressursar gjennom tilsette som er tett på i det daglege arbeidet.

Ja, vi har fått normer, pedagognorm og bemanningsnorm, men desse er dessverre ikkje gode nok.

Lovverket har i stor grad sikra ein profittfri skule. Det er like viktig å sikre ein profittfri barnehage.

Det er også slik at når barnehagen oppfyller normene og krava i § 23 i barnehagelova, så kan barnehagen disponera eit eventuelt overskot fritt. Vi spør oss om dette er til det beste for barna? Midlane til barnehagedrift kjem frå offentlege tilskot og foreldrebetaling, meint til å brukast i barnehagen.

Er det då ikkje naturleg at eit overskot også går tilbake til drifta av barnehagen? Då hadde økonomiske ressursar i større grad vore sikra at gjekk til barnas beste, ved til dømes å styrkje personalressursen. Lovverket har i stor grad sikra ein profittfri skule. Kvifor skal det vere skilje på dette i finansiering for skule og barnehage? Det er like viktig å sikre ein profittfri barnehage.

Les også: Sparing og markedsføring kan være en årsak til private barnehagers superprofitt

No er Storberget-rapporten «Du er henta! Finansiering av private barnehagar» sendt ut på høyring, og det har tidvis vore ein oppheta debatt i ulike media kring dei to ulike modellane som er føreslegne i rapporten. Det er bra at vi får belyst begge modellane godt frå ulike perspektiv, men til sjuande og sist så er det politikarane sitt ansvar å sjå til at offentlege midlar og foreldrebetaling går til føremålet.

Dette ansvaret vonar vi politikarane tek på høgste alvor, og sikrar at finansiering av barnehagen er til barn sitt beste!

Powered by Labrador CMS