Vi treng avtalar for å få slutt på gratisarbeidet

Debatt: Skole-Noreg skrik etter lærarar. Det er avgjerande at Utdanningsforbundet sikrar rammene for lærarane i reforhandlingane av arbeidstidsavtalen.

Publisert Sist oppdatert

I «Utdanningsnytt» tysdag 29. august blir alle lærarar oppfordra til å setje grenser for lærargjerninga. Oppfordringa frå dei fire tillitsvalde frå Trøndelag er sjølvsagt. Samtidig er eg overtydd om at dei fire er einige med meg i at den enkelte lærar ikkje kan ta ansvaret aleine.

Hovudoppgåva til oss tillitsvalde er å vareta medlemmane gjennom grensene som finst i profesjonsansvaret og tariffavtalane. Slik kan vi hjelpe dei til å slutte med gratisarbeidet. Skal vi klare det, treng vi avtalar og avtaleforståingar som set oss i stand til å hjelpe dei.

Eg kjem frå skolen og vil derfor ta tak i skolelærarane sin arbeidstidsavtale. Avtalen skal reforhandlast denne hausten, så det er på sin plass å kommentere problema avtalen gir. Desse problema må på bordet slik at forhandlarane til Utdanningsforbundet kan ta dei med i førebuingane sine.

18. august kunne vi på nettsidene til NRK lese om Solveig Sæthre. I vår slutta ho som lærar etter to år. Dei to åra utfordra lærarrolla ho hadde gått inn i. Elevar og foreldre forhandla om karakterar. På same tid handla store delar av lærarkvardagen om omsorg og oppseding av elevane i så stor grad at ho til tider måtte vere terapeut eller psykolog. Med dette ansvaret på toppen av undervisninga i fag, blei tida til å leve utanfor arbeidet spist opp. Utdanningsforbundet sin leiar kommenterer dette med at lærarane må passe på seg sjølv og ikkje strekkje seg for langt.

Arbeidstidsavtalen skil mellom planfesta arbeidstid og ikkje-planfesta arbeidstid. Tida som ikkje er planfesta skal disponerast av den einskilde læraren til for- og etterarbeid og fagleg ajourføring. At det for ein heilt vanleg lærar kan vere vanskeleg å avgrense tida og arbeidet, er forståeleg, men leiarar og tillitsvalde kan hjelpe han å setje grenser ved hjelp av arbeidstidsavtalen. 

Då avtalen blei endra i 2022, fekk vi tillitsvalde ei ny utfordring i dette arbeidet. Avtalen krev planfesta tid, men på same tid kan partane på skolenivå bli samde om ei meir fleksibel arbeidstidsordning. No veit vi at dette ved nokre skolar har gitt arbeidsgivar fleksibilitet til å utnytte arbeidskrafta til lærarane i større grad enn tidlegare. Skiljet mellom planfesta tid og anna tid er uklar, og retten til overtidsbetaling er svekka. Rektorar og skolar som var først ute med å løyse opp den planfesta tida, har blitt førebilete for andre. Når eg no fryktar at dette vil spreie seg, er det fordi dei moderniserte og fleksible avtalane ikkje hjelper meg til å hjelpe lærarane med å setje grenser.

Kontaktlæraren skal òg gjere arbeidet sitt i planfesta arbeidstid, seier avtalen. Men også her har vi ei utfordring. I 2015 blei KS og fagforeiningane samde om ei forståing som seier noko anna enn avtaleteksten. Forståinga opnar opp for at kontaktlærarane kan svare på e-brev og meldingar og ha møte og samtalar med foreldre utanfor arbeidsplanfesta tid. Sidan 2015 har forventningane til skolen og lærarane endra seg djuptgåande. Tilrettelegging og tilpassing av skoledagen, samt kontaktlærarar som er tilgjengelege heile dagen og på kveldstid, er norma stadig fleire foreldre og elevar møter skolen med.

Når skole-Noreg skrik etter lærarar, er det avgjerande at Utdanningsforbundet, som fagforeining for lærarprofesjonen, sikrar rammene for lærarane i reforhandlingane av arbeidstidsavtalen. Første ledd i arbeidet fram mot forhandlingane er å samle kunnskap om korleis lærarane faktisk arbeider og korleis det heng saman med manglande grenser i arbeidstidsavtalen. Det er ikkje godt nok å seie at lærarane må passe på seg sjølv og ikkje strekkje seg for langt.

Vi har ikkje råd til at fleire gjer som Solveig Sætre fordi dei ikkje held ut arbeidet som trykk-kokarar i tåkeheimen – i det som kan vere verdas kjekkaste yrke.

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS