Vi bør respektere retten til å logge av
Vi skal ikkje vere tilgjengelege for arbeidsplassen heile døgnet, og vi bør heller ikkje bidra til ein slik praksis.
Er du ein av
dei som er tilgjengeleg for arbeidsgjevar, føresette og kollegaer nesten heile
døgnet, og som sender ut eller svarar på meldingar, e-post eller oppdaterer den
digitale plattforma på kveldstid? Eller er du den kollegaen som helst
vil logge av når du kjem heim, men som synest det er vanskeleg? Kanskje er du
redd for å bli oppfatta som lite fleksibel eller som ein med lav arbeidsmoral? Det
skal du ikkje vere. Du vernar om fritida di, og det har du all rett til. Det bør
fleire av oss bli flinkare til.
Emosjonelt stress
Arbeidsrelatert kommunikasjon etter arbeidstid kan
verke uskyldig, men det kan òg skape ein kultur som på
sikt kan føre til emosjonelt stress og sjukmeldingar. Vi har ein emosjonelt
belastande jobb, noko som mellom anna kan føre til sjukefråvær, overgang til
andre yrke, psykiske og fysiske plager, tidlegare avgang og då lågare pensjon. Sintef-rapporten
Relasjonelle og emosjonelle krav og belastninger i
arbeidet bekreftar
dette. Dersom ein i tillegg til det belastande arbeidet skal kjenne seg pressa
til å vere tilgjengeleg på fritida, kan det føre til ytterlegare stress. Det er
ikkje utan grunn at irske myndigheiter har vedteke dokumentet Right to Disconnect, og at fleire andre land har innført liknande reguleringar. Å saman
lage retningsliner for arbeidsplassen, kan vere førebyggjande. Har de til dømes
snakka om kva meldingar som må sendast med ein gong, eller kva som kan vente
til neste dag?
Visker ut grenser
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.
Når vi er
tilgjengeleg utover arbeidstid, bidreg vi i tillegg til å viske ut grensene
mellom arbeidstid og fritid i høve til lov og avtaleverk. Arbeidsmiljølova skal
verne mot overbelasting, men berre om vi etterlever ho. Tariffavtalar og
arbeidstidsavtalar har òg reguleringar om arbeidstid. Desse avtalane er både arbeidstakar
og arbeidsgjevar pliktige til å følgje. Vi skal
ikkje vere tilgjengelege for arbeidsplassen heile døgnet, og vi bør heller
ikkje bidra til ein slik praksis. Vi skal respektere retten til å logge av,
og det ansvaret må vi alle ta.
Dette innlegget har òg vore på trykk i Første Steg nr. 1/2024.