20 minutt for barn og unge si psykiske helse

Debatt: – Når helsefremmande arbeid skal utførast i pedagogiske fagmiljø, er det fint om desse miljøa får tileigne seg nokre verktøy frå fagmiljø som har psykisk helse som sitt primære kompetansefelt.

Publisert Sist oppdatert

Kva rolle spelar vi vaksne for barn og unge si psykiske helse? Korleis påverkar min veremåte som lærar, barnehagelærar, mor eller far, helsa til barn eg er saman med? Heimane, barnehagar og skolar har stort ansvar for å fremme god psykisk helse. Helsestasjonen er ein viktig medspelar, men det er foreldre og vaksne i barnehage og skole som er saman med barn og unge kvar dag, og difor dei som har størst moglegheit for å styrke og fremme psykisk helse. Heller ikkje ved påviste psykiske lidingar tek helsetenester som BUP over heile ansvaret. Det er fordi god psykisk helse skapast i liva vi lever, der vi lever dei.

Helsefremmande arbeid i pedagogiske fagmiljø

Å fremme god psykisk helse handlar i stor grad om å sørge for at barn og unge har trygge, gode relasjonar til vaksne og andre på same alder. At dei trivast, får lære og utvikle seg. Det handlar om å få dekt fysiologiske og psykologiske behov. For å dekke psykologiske behov må barn og unge møtast på måtar som styrker deira sjølvfølelse, også når dei har med seg ekstra vonde erfaringar, har ein svært krevjande veremåte eller kjem i vanskelege situasjonar.

Skolar og barnehagar kan streve med fleire sider av helsefremmingsarbeidet. Både med å få til trygge, gode psykososiale miljø, med å gi elevar tilpassa nok opplæring, og med å møte barn med utfordringar på måtar som styrker sjølvfølelsen deira. Det er ikkje så rart når dei strukturelle, økonomiske og faglege rammene kan vere marginale for forsvarleg drift. Det er heilt forståeleg at fagfolk i skolar og barnehagar gir uttrykk for å ikkje strekke til, ikkje kjenne seg anerkjent, at dei seier frå om at nok er nok.

Og samtidig veit vi at tida vi er inne i, ikkje lover godt for dei store ressursoverføringane til oppvekstsektoren. Truleg må vi klare å jobbe helsefremmande med dei ressursane og den kompetansen vi har.

Når helsefremmande arbeid skal utførast i pedagogiske fagmiljø, er det fint om desse miljøa får tileigne seg nokre verktøy frå fagmiljø som har psykisk helse som sitt primære kompetansefelt. Kunnskap frå traumepsykologi, tilknytningspsykologi og emosjonsfokuserte retningar, framstår spesielt godt eigna for å bli med inn i skole og barnehage. Desse retningane fokuserer på å forstå barn sine behov, vere medviten sin eigen veremåte i møte med barna, skape relasjonar som fremmer vekst og utvikling, gi god reguleringsstøtte og møte barn sine følelsesuttrykk på måtar som gjer følelsar nyttige.

Slik kompetanse bør kome inn i grunnutdanningane. I tillegg kan ein integrere kompetansen breitt, også utan å sende folk på kurs, ved hjelp av tilgjengelege ressursar utarbeida nettopp med tanke på dette behovet. Som konkrete verktøy, med gode forklaringar som er lette å kjenne seg att i, er dette enkelt å ta bruk i kvardagen. Ein slik ressurs vert presentert i denne artikkelen.

Kunsten å auke helsefremmande kompetanse, utan å bruke meir pengar eller tid

Kommunen vi jobbar i, Ålesund, har som fleire andre kommunar hatt ein svært pressa økonomisk situasjon over tid. Budsjetta til oppvekstsektoren blir reduserte, ikkje auka. Ålesund har som dei fleste andre kommunar også utfordringar knytt til psykisk uhelse, mobbing og skolefråvær blant barn og unge. Vi trong difor tiltak som kunne brukast innanfor dei økonomiske rammene vi har. Då vi søkte Møre og Romsdal fylkeskommune om å få bli med i Program for folkehelse i kommunane, var målet vårt å utvikle tiltak som kan prøvast ut i skolar og barnehagar som ikkje kostar pengar å bruke, og som ikkje tek for mykje tid å gjennomføre. Løysinga vi satsar på, handlar om at alle gjer litt heile tida, heller enn å gjere mykje når problem oppstår. Inspirert av Arne Holte sitt bodskap om å bruke ressursane til universalførebyggande arbeid, fordi ein liten effekt i heile befolkninga kan ha stor effekt for dei med høgast risiko. Og for å nå alle, må ein nytte dei arenaene der alle er: barnehagar og skolar. Her når ein alle barn og unge, ein når alle som jobbar med barn og unge, OG ein kan nå alle heimane.

For å nå ut med tiltaka til alle, utan at det skal koste pengar, må tiltak og ny kunnskap formidlast gjennom dei som allereie jobbar i skolar og barnehagar. Tiltakspakkane måtte difor formast slik at dei både har nødvendig fagleg kvalitet, men at ein ikkje er avhengig av eksterne forelesarar, opplæring/kursing eller rettleiing av dei som skal bruke materiellet.

Tiltakspakken for barn og unge har som mål å gi dei forståing, og eit godt språk, for psykisk helse, tankar og følelsar, relasjonar og det som kan vere vondt og vanskeleg i livet. Den har vore tilgjengeleg på livetogsånn.no ei god stund, og det er gledeleg å sjå at dette materiellet vert nytta i mange kommunar i landet. Vi får gode tilbakemeldingar på at dette er enkelt å bruke, engasjerer barn og unge, og gir nyttig kunnskap.

Men vi kan ikkje legge heile ansvaret for å handtere psykisk helse på dei unge sjølv. Sjølv om verdien om å vere sjølvstendig står høgt i landet vårt, veit vi at psykiske plager er noko verken barn, unge eller vaksne bør handtere aleine. «Snakk med nokon om det du opplever, tenker og føler» seier vi. Og når barn og unge snakkar med vaksne, er det jo vesentleg at dei blir møtt på måtar som kan hjelpe. Like viktig som tiltak retta mot barn og unge, er då tiltak retta mot dei vaksne som er saman med barn og unge i kvardagen.

Livet&Sånn har no difor også ein tiltakspakke for vaksne, med materiell som dei vaksne bør bruke for å sikre eigen kompetanse på å styrke og fremme psykisk helse. Her finnast mellom anna små kursbolkar som kan brukast på 20-30 minutt i personalgruppene, og korte temabolkar tilpassa foreldre med barn i ulike aldrar, som kan kombinerast med årlege foreldremøte som skolar og barnehagar allereie inviterer til.

11 korte filmsnuttar for barn og unge si psykiske helse

For å få til god nok kompetanseøving, på kort nok tid, utan ekstern forelesar, er film kombinert med refleksjon eller øving, det logiske metodevalet. Filmane må vere varierte, formidle komprimert kunnskap, ha god kvalitet og vare i maks 4 - 5 minutt. For å skape eit felles kunnskapsgrunnlag mellom skole, barnehage og heimar er filmane laga for å fungere til alle desse gruppene.

Psykologi er eit stort fagområde å hente kunnskap frå. For å finne ut kva filmar vi burde lage, spurte vi psykologar, lærarar, barnehagelærarar, spesialpedagogar, barnevernspedagogar og andre spørsmålet: Om vi kan få alle vaksne som har ansvar for barn og unge til å gjere nokre få ting for å styrke og fremme psykisk helse, - kva skal vi då prioritere? Og dette danna bakgrunnen for dei 11 filmane som her vert presentert:

1. Å vere gode vaksne for barn

Vi som har ansvar for barn og unge er ulike, og det er mange grunnar til det. Alle har ikkje like naturlege føresetnadar for å møte barn på ein god måte når noko vert vanskeleg. Barn treng ikkje at vi er perfekte, men at vi prøver å vere gode i møte med dei. Når vi skal klare det, er det nokre huskereglar som kan vere lure: Å sjekke og justere eigen tilstand, å sjekke og justere barnet sin tilstand, hjelpe barnet å meistre, og å reparere dersom noko blei dumt.

2. Toleransevinduet

Å sjekke og justere tilstand handlar mykje om toleransevinduet. Det er ein modell som forklarer grad av aktivering og korleis det påverkar fungeringa vår gjennom kvardagen. Barn må vere i grøn sone, inni toleransevinduet, for å lære, leike og utvikle seg positivt saman med andre. Vi vaksne må vere i denne sona for å klare å hjelpe barn dit. Difor er dette ein hjelpsam modell å vere merksam på når ein er saman med barn. Når ein kjenner at ein sjølv er utanfor toleransevinduet sitt, er det vesentleg å ta grep for å kome seg dit før ein skal handtere vanskelege situasjonar med barn. Barn som viser utfordrande åtferd, er ofte utanfor toleransevinduet sitt når dette skjer. Då kan det vere hjelpsamt for barnet å få reguleringsstøtte til å kome seg inn att. Og det kan vere hjelpsamt å jobbe for å legge til rette for at barnet kan halde seg der utan å bikke over eller under.

3. Validere følelsar

Følelsar kjem av ein grunn. Og måten vi møter følelsar på utgjer stor forskjell for dei som har følelsane. Å validere følelsar handlar om å gi uttrykk for å forstå at følelsen kjem og vise at det er greitt å føle det ein føler. Når vi validerer barn sine følelsar blir dei regulerte. Det kan kjennest vanskeleg å validere sinne, men det hjelper å huske at det er følelsen vi skal validere, ikkje handlingar gjort i sinne. Det er heilt naturleg å bli sint, og likevel ikkje greitt å slå.

Validering har gode helsefremmande effektar, og er kanskje noko av det enklaste og mest effektive vi kan trene på i møte med barn og unge for å jobbe med psykisk helse. Men vi må trene på det, for det må kjennast ekte for at det skal virke.

4. Ulike barn – ulike behov

Noko av det mest krevjande i barnehage og skole er at vi sjeldan skal hjelpe berre eitt barn på same tid. Som tilsette i skole og barnehage skal ein klare å vere god for mange ulike barn, med ulike behov samtidig. Det er innimellom ikkje mogleg, og ofte veldig vanskeleg. Denne filmen gir nokre råd om korleis ein handterer at det blir mykje på ein gong. Den introduserer ein type detektivarbeid som kan vere nyttig for å finne ut kva ein kan prøve med dei barna som ikkje responderer på det andre barn gjer, og den er tydeleg på at barn ikkje treng vaksne som er perfekte, men vaksne som prøver å vere gode nok.

5. Mentalisering

Vi menneske er heldigvis naturleg utstyrte med ein del evner og eigenskapar som kan gjere oss gode på å forstå andre, og møte barn og unge på gode måtar. Mentaliseringsevna vår er ei slik evne. Den heng tett saman med empati og speilnevron, men den er meir viljestyrt enn automatisk. Vi må bestemme oss for å mentalisere. Når barn på ulike måtar viser at det er noko som ikkje er heilt som det skal akkurat no, prøver vi å sjå barnet innanfrå: korleis er det å vere dette barnet akkurat no? Og vi prøver å sjå oss sjølve utanfrå: korleis opplever barnet meg no? Denne raske kognitive øvinga hjelper oss til å tilpasse oss barnet sitt behov i situasjonen. Det reduserer sjansen for at vi eskalerer vanskelege situasjonar.

6. Sinnemeistring

Det er heilt naturleg å bli sint, irritert eller frustrert. Det er ikkje eit mål å ikkje føle sinne! Målet er å klare å vere roleg, trygg og god for barn, sjølv om vi kjenner på sinne. Og dette er ikkje like lett for alle. Der er mange ulike, hjelpsame strategiar å bruke for å roe ned sinne. Det beste er ofte å kunne forlate situasjonen, og få sjansen til å regulere seg ned før ein går tilbake og prøver å gjere noko klokt. Men når ein har ansvar for mange barn på ein gong, er det ofte ikkje forsvarleg å ta ein pause. Då bør ein kunne strategiar for sinnekontroll som kan brukast medan ein er i situasjonen. Heldigvis finnast desse også, ein må berre trene på dei før ein står der og treng dei.

7. Grensesetting som fremmer god utvikling.

Det er ingen tvil om at vi må sette grenser for barn og unge i kvardagen. Det gjer vi også ved å vere gode rollemodellar som viser kva som er greitt og kva som ikkje er greitt. Når situasjonar oppstår der vi må vere tydelege og gripe inn, er måten vi set grenser på viktig for barn si vidare utvikling. Vi må huske å sjekke og justere vår eigen tilstand, og prøve å forstå barnet sin situasjon, før vi set grensa som må settast. Då kan vi vise at vi forstår, og kanskje også validere barnet sin følelse, i tillegg til å sette den tydelege grensa. Slik kan barnet bevare ein god sjølvfølelse etter å ha blitt grensesett. Då er det lettare å klare å gjere rett vidare.

8. Reparer relasjonen

Barn får ikkje velje sine vaksne. Difor har vaksne eit enormt ansvar for at relasjonen til barnet er god. Ingen av oss klarer alltid å gjere alt rett, og det er greitt. Men sidan relasjonane er så viktige og sårbare må vi ta ansvar og reparere relasjonen når noko dumt eller uheldig skjer mellom oss. I denne filmen viser vi kva som skal til for å faktisk reparere det tillitsforholdet ein relasjon er. For det er ikkje ordet unnskyld i seg sjølv som har effekt. Det er mange feller å gå i, sjølv om dette eigentleg er ganske logisk og enkelt når ein først forstår kva som har reparerande kraft.

9. Sårbar og robust med god sjølvfølelse

Dei fleste vaksne er opptatt av å hjelpe barn til å bli robuste i møte med utfordringar i livet. Det heng tett saman med å skulle lære livsmeistring. Gjennom denne filmen blir du meir medviten forskjellane mellom sjølvtillit, sjølvbilde og sjølvfølelse. Sjølvfølelse er spesielt viktig i eit helsefremmande perspektiv. Med god sjølvfølelse er du meir robust i møte med det meste her i livet. Du kan også tole å vere sårbar, når sjølvfølelsen er på plass. Måten vi snakkar med barn og unge på, formar deira sjølvfølelse. Våre ord til dei blir deira indre stemme. Når vi venner oss til å snakke på måtar som styrker sjølvfølelse jobbar vi helsefremmande.

10. Forvirrande følelsar

I filmen om validering lærer du korleis du kan møte følelsar. Men følelsar kan vere frykteleg kompliserte. Det er til dømes ikkje alltid den følelsen vi ser, er den følelsen som pregar barnet mest. Følelsar kan dekke over andre følelsar. Fleire følelsar kan også kome på same tid. Og dei kan kome utan at vi forstår heilt kvifor. I denne filmen bruker vi Hjertehjulet til å gå litt grundigare inn i temaet følelsar. Og du får nokre tips til kva du kan undre deg over når følelsane du ser, eller sjølv kjenner, ikkje står i forhold til situasjonen dei oppstod i.

11. God beskjed

Å gi beskjedar er noko som er kjent for dei fleste pedagogar. Barn får enormt mange beskjedar kvar dag! Men kva skal til for at dei både får med seg beskjedane våre, og klarer å følgje dei? På tre minutt får du her ei påminning om det du allereie kan om gode beskjedar, og i tillegg nokre tips du kanskje ikkje hadde tenkt på? For også her kan små grep frå psykologien gjere det enklare å få barn til å gjere det du vil dei skal.

Tiltakspakken for dei vaksne

Alle desse filmane er laga generelle for å skape eit likt utgangspunkt for å møte barn på helsefremmande måtar på fleire arenaer. Men opplegga som følger kvar film er spesielt tilpassa ulike målgrupper. Når du går inn på relevant aldersgruppe på livetogsånn.no, finn du ferdige personalkurs og temamøter til foreldre både i barnehage, på barnetrinn og ungdomstrinn. Alle slike økter er laga spesifikt med tanke på å ta så lite tid som mogleg, vere relevante for det ansvaret ein har for barn/unge, og lede til generell læring, ikkje til fokus på enkeltbarn. Øktene til foreldre er ulike for kvart år, medan øktene til dei tilsette kan brukast etter behov. I personalgruppa anbefaler vi å bruke 20 minutt kvar månad på dette i eit år. Deretter kan ein repetere årleg eller etter behov. Dette bygger gradvis ein kunnskapsbasert måte å jobbe meir helsefremmande på i skole og barnehage. 20 minutt for barn og unge si psykiske helse? Det håpar vi alle klarer å finne. Så kan de sjølvsagt gjerne bruke meir om de vil det.

Powered by Labrador CMS