Å dempe stressnivået for lærarar er svært viktig både for lærarane sjølve og for elevane, konkluderer forskarar ved University of Missouri.

Forskarar i USA åtvarar om lærarstress

Heile 94 prosent av lærarane i «middle school» opplever eit høgt stressnivå. Forskarar åtvarar mot konsekvensane for både lærarar og elevar.

Publisert

Forskarar frå University of Missouri har kartlagt stressnivået mellom lærarar i «middle school» i USA, der elevane er frå 11 til 14 år. Dei har dessutan analysert stressnivået saman med andre faktorar, som elevåtferd og samarbeid med foreldre. Forskarane konkluderer med at stressa lærarar kan gå ut over elevane, både fagleg og sosialt, skriv nettmagasinet Phys.org.

Professor Keith Herman peikar på at «middle school»-perioden er ein særleg viktig fase for elevane, sidan dei då får mange forskjellige lærarar.

– Det er klare prov for at lærarstress og kor godt elevane lukkast, heng saman. Difor er det avgjerande at vi finn måtar å dempe faktorar som skaper stress, samtidig som lærarane får hjelp til å meistre krava i jobben. Dessverre viser funna våre at mange lærarar ikkje får den støtta dei treng for å handtere faktorar som skaper stress, seier Keith Herman til nettmagasinet.

Undersøkinga vart gjennomført på ni skular i Midtvesten i USA, og resultata er publiserte i tidsskriftet Journal of School Psychology.

Powered by Labrador CMS