Amerikanske lærarar jublar over Bidens val av minister

Miguel Cardona er føreslått som utdanningsminister i den nye Biden-administrasjonen. Han har sjølv vore både lærar og rektor.

Publisert

USAs påtroppande president Joe Biden har halde lovnaden sin om å føreslå ein utdanningsminister med lærarbakgrunn. Den utvalde er Miguel Cardona (45), som det siste halvanna året har vore leiar for utdanningssektoren i delstaten Connecticut, med tittelen Education Commissioner. Der har han markert seg mellom anna for å betre ordningane for studiefinansiering, gje elevar med anna morsmål enn engelsk eit fagleg lyft og for å styrke dei offentlege skulane.

– Offentleg utdanning er viktig for sosial utjamning. Det var det for meg, sa Cardona i nominasjonshøyringa i delstat-senatet i 2019.

Han vaks opp i tronge økonomiske kår i byen Meriden i Connecticut med foreldre frå Puerto Rico. Cardona jobba først som lærar på ein barneskule i heimbyen og vart deretter rektor, 28 år gamal.

Tidlegare medlem

Ein av dei som har uttrykt stor begeistring for valet av Miguel Cardona, er Randi Weingarten, leiaren i lærarorganisasjonen American Federation of Teachers.

– Han er ikkje berre eit stolt produkt av offentlege skular; han har gjort det til sitt livsverk å styrke offentleg utdanning og kjempe for likskap, seier ho til nettavisa Chalkbeat, som dekkjer utdanningssektoren i USA.

Cardona har tidlegare vore medlem av AFT, og Weingarten skriv på Twitter at ho har stor tru på at han vil vere innstilt på eit godt samarbeid med lærarorganisasjonane.

Også Becky Pringle, leiar for National Education Association, har gode voner om eit bra samarbeid mellom lærarane og den nye ministeren, mellom anna i samband med handteringa av pandemien. Ho meiner dessutan han kan bidra til eit meir rettferdig utdanningssystem, der etnisk og økonomisk bakgrunn har mindre å seie enn i dag.

Fire konfliktfulle år

Tilhøvet mellom lærarorganisasjonane og den avtroppande utdanningsministeren i Trump-administrasjonen, Betsy DeVos, har vore dårleg heilt sidan ho vart utnemnd i februar 2017.

Ho har vore sterkt kritisk til lærarorganisasjonane si påverknadskraft, og dei har vore sterkt usamde mellom anna når det gjeld satsinga hennar på privatskular som alternativ til dei offentlege skulane, oppsummerer tidsskriftet Politico. 8. januar gjekk Betsy DeVos av som utdanningsminister i protest mot president Donald Trump si rolle i samband med storminga av kongressbygget i Washington DC.

Før Miguel Cardona kan utnemnast som utdanningsminister, må Senatet godkjenne kandidaturet hans etter at det er gjennomført ei høyring.

Powered by Labrador CMS