Steffen Handal i Utdanningsforbundet skal leie forhandlingane for Unio. Ved forhandlingsbordet møter han KS-sjef Tor Arne Gangsø. Bildet er frå oppgjeret i 2018. Foto: Jørgen Jelstad

Handal: – Høge forventingar til oppgjeret som startar i morgon

Forventingane til dette oppgjeret er høge, seier forhandlingssjef i Unio, Steffen Handal.

Publisert

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal skal leie forhandlingane for Unio sine medlemmar i kommunesektoren. Motparten er KS, interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for kommunane.

– Kva er forventingane til dette oppgjeret?

– Dei er høge. Kommunane og fylkeskommunane har dokumentert at det er utfordrande å rekruttere. Det må tiltak til i dette lønnsoppgjeret for å unngå lærarkrise og sjukepleiarkrise. Vi krev ein solid reallønnsvekst for dei kommunetilsette med høg utdanning, seier Handal.

– Blir pensjon også eit forhandlingsspørsmål?

– Vi vart einige med arbeidsgivar om korleis pensjonsordninga skal vere. I dette oppgjeret handlar det om korleis denne ordninga skal inn i hovudtariffavtalane.

Handal skal forhandle for i alt 134.000 Unio-medlemmar. Lærarane er den største gruppa i Unio med arbeidsstad i kommune eller fylkeskommune. Sjukepleiarane kjem på andreplass.

Leiar i Unio Ragnhild Lied slo under Unios inntektspolitiske konferanse i mars fast at det, etter nokre magre oppgjer, nå er rom for reallønnsvekst. Ho fekk støtte frå representantane både frå KS og NHO.

Områdedirektør Tor Arne Gangsø i KS understreka på konferansen at kommunesektoren er ei kompetanseverksemd.

– For KS er det viktig å ha fokus på kompetanse, og å halde på og rekruttere tilsette, sa Gangsø.

 

Powered by Labrador CMS