Vaksenopplæringa – 3500 lærarar på billigsal

Debatt: Vi treng ein person i sentralstyret med solid bakgrunn i vaksenopplæringa.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje lenge til landsmøtet til Utdanningsforbundet, der grunnsteinane skal leggast for fire år med viktig arbeid, til det beste for alle lærarane i landet. Medlemsgruppene er mange; barnehage, grunnskule, vidaregåande/fagskule, Fagleg-administrativt støttesystem (FAS) og Universitets- og høgskulesektoren (UH). Om vi skal vere ærlege, er det slik at til større gruppene er, til meir merksemd får dei, utfordringane som ein slit med i dei mindre medlemsgruppene, blir ofte vald vekk under forhandlingane med arbeidsgjevar, og i møtekvardagen er ein som regel sist på alle sakslister. Om ein då er med i det heile teke.

Ei av dei ignorerte gruppene i den store lærarflokken er vi som underviser i vaksenopplæringa, og eg er ikkje trygg på at denne gruppa vert stelt med av eigen organisasjon i dei kommande åra. Vi er om lag 3500 medlemmar som på sett og vis fell mellom fleire stolar, kanskje av di vi er å finne i ulike medlemsgrupper og i ulike delar av utdanningssektoren.

Vaksenopplæringa utdannar både med utgangspunkt i integreringslov og opplæringslov, og har følgjeleg både kommunal og fylkeskommunal arbeidsgjevar. I tillegg har vi private tilbydarar av vaksenopplæring. Vi utdannar minoritetsspråklege, norskspråklege og innsette i fengsel. Felles for elevgruppa vår er at dei fell utanfor hovudstraumen av norskfødde som fullfører utdanning på normert tid. Både for samfunnsrekneskapen og den individuelle livskvalitet gjer vaksenopplæringa ein positiv forskjell som diverre ikkje blir sett like god pris på som anna opplæring.

Vi treng nokon som går i front

I og med at vi er ein samansett gjeng av lærarar som utdannar ein samansett gjeng av vaksne, i moglege og umoglege livssituasjonar, er det ekstra naudsynt at vi har nokon som går i front for oss. Både internt i eigen organisasjon, og utad, som Utdanningsforbundets vaksenopplæringsperson i møte med politikarane og media.

Dette har vi hatt i den perioden som no nesten er over, vi har hatt ein eigen person i sentralstyret med solid bakgrunn i vaksenopplæringa, Bente Haug frå Mo i Rana har gjort ein formidabel innsats for oss. Det har i denne perioden vorte stifta eit nasjonalt nettverk for vaksenopplæringa, som har fungert som ei ekstra kontaktflate for sentralstyret til ein del av grasrota som ein sjeldan høyrer om. Gode takter!

Eg hadde difor nesten gått ut frå at valkomiteen klarte å finne ein ny person med bakgrunn i vaksenopplæringa når dei no har utarbeidd framlegg til nytt sentralstyre, men nei. Eg har berre godt å seie om kandidatane som er blinka ut og er djerve nok til å stille opp for sine respektive medlemsgrupper, men det manglande mellomleddet til vaksenopplæringa er tungt å takle.

At eit tilfeldig medlem i sentralstyret får som ei av sine mange oppgåver å stelle med vaksenopplæringa er ikkje det same som å ha ein person som kjenner feltet gjennom eigen praksis. Ikkje er det sikkert at det blir det ein gong.

Landsmøtet bør ta denne problemstillinga alvorleg og ikkje berre stole på at «det går seg til» i løpet av ny periode. Vi treng ein person i sentralstyret med fullt frikjøp, som kan stelle med alle dei ulike problemstillingane som er spesielle for vaksenopplæringa. Det har vore ein stor mangel for vaksenopplæring (og UH) at Utdanningsforbundet ikkje har teke seg råd til å frikjøpe ein person for fullt arbeid. Å ta ansvaret for ei heterogen medlemsgruppe på mindre enn hundre prosent frikjøp er absurd.

Frikjøp av tillitsvalde er naudsynt

Utdanningsforbundet har eit sekretariat på 260 tilsette, men ein kan altso ikkje frikjøpe tillitsvalde til viktige funksjonar? Dette er heilt kokkelimonke, og eg vonar at landsmøtet ser og anerkjenner denne mangelen på fornuft, og sender kloke signal til nytt sentralstyre om dette.

Vaksenopplæringa vart i stort monn ignorert i revidert opplæringslov, og livet går vidare utan at rammene for undervisingspersonale i vaksenopplæringa har blitt styrka ein tøddel. I 2006 forsvann eit fornuftig kveldstillegg for lærarane i vaksenopplæringa på 30 prosent, og vart erstatta med småpengar. Frå 30 prosent kveldstillegg til 28 kroner timen er som total nedsmelting å rekne.

Om ein samanliknar med ein nærliggande sektor der mange arbeider kveld, som sjukepleiarar og vernepleiarar, har dei det minimum det doble av det lærarane i vaksenopplæringa har: 28 prosent av timelønn eller minimum 56 kroner ekstra pr time. Vi har i snitt mykje meir utdanning enn ein sjukepleiar, men arbeidstida vår når det vert skymt ute, er mykje dårlegare prisa

Oslo har klart å overtyde arbeidsgjevar om å halde på dette opphavlege kveldstillegget, men det er eitt unntak i en jungel av reglar, der regel nummer ein er at lærarane i vaksenopplæringa får stille seg langt bak i køa, utan utsikter til å rykke fram.

I tillegg manglar vi sentrale føringar for kontaktlærar og kontaktlærartillegg i vaksenopplæringa, slik at det er opp til lokal arbeidsgjevar om ein vil vere fornuftig eller ikkje. Min eigen arbeidsgjevar har ei ordning som ikkje er heilt borte vekk, der vert ein kalla «gruppelærar», og får ein viss del av stillinga si avsett til denne funksjonen. I praksis gjev dette ikkje utslag på lønnsslippen, samanlikna med å vere berre faglærar utan gruppelæraransvar. Vi tener dermed 25-30.000 mindre enn våre kollegaer i ordinær skule med kontaktlæraransvar.

Moglege livbøyer

Kanskje det finnast livbøyer for vaksenopplæringa. Om det vert Geir Røssvoll som vert leiar for oss, kjem han frå eit fylkeslag med godt medvit om manglane i vaksenopplæringa.

Om Terje Vilno vert nestleiar, kjem han med forhandlingsbakgrunn frå Oslo, der dei målt i kroner og øre har klart å halde i hevd respekten for dei kveldsarbeidande i vaksenopplæringa.

Vi manglar berre ein person som har begge føtene sine i vaksenopplæringsfeltet og kan sørge for kontinuitet, samanheng og framdrift for arbeidet for vaksenopplæringa. Vi har hatt ein slik person i fire år, og vi skulle gjerne hatt det i minst fire år til. Ikkje rykk årevis tilbake no. Kanskje landsmøtet klarer det valkomiteen ikkje fekk til, men vi veit jo av erfaring at slik valkomitear tenker seg røynda, slik blir det som regel. Det er frykteleg synd for vaksenopplæringa, som hadde fortent betre.

 

 

Powered by Labrador CMS