Anita Knapskog er leiar i Utdanningsforbundet Hordaland: Foto: Utdanningsforbundet

Pensjonspørsmål gir vanskelege tarifforhandlingar

Pensjonsordningar har vore tariffsak nummer ein i forhandlingane mellom Utdanningsforbundet og private barnehageeigarar. To pensjonskonfliktar er løyst, fleire vil kome.

Publisert

– Pensjon var òg eit tema ved førre runde med forhandlingar. Då vart det blant anna nedsett partsammansatte utval i fleire tariffområde, som skulle sjå på framtidige pensjonsordningar, og samstundes inngått midlertidige innskotsbaserte avtalar, det var difor ikkje uventa at pensjon var tema no, seier leiar i Utdanningsforbundet Hordaland Anita Knapskog til Utdanning.

Natt til laurdag vart det semje i meklinga mellom Utdanningsforbundet og arbeidsgivarorganisasjonen Spekter. Dei omfatta medlemmer av Utdanningsforbundet i Norlandiabarnehagane og to studentsamskipnadar.

– Dei private arbeidsgivarane vil ha endring i pensjonen. Det er og eit press for å endre dei offentlege pensjonsordningane, seier Anita Knapskog.

Jamt over ønskjer arbeidsgivarane å gå frå det som heiter ytingsbasert pensjon til innskotsbasert pensjon. Ved ein pensjon basert på yting er utbetalinga ved pensjonsalder avtalt i førehand. Ved innskot betalar verksemda inn til ein pensjonsordning fastsett som ein prosentdel av lønna til den tilsette, dette gjer ordninga meir uføreseieleg og usikker for dei tilsette, sidan den er avhengig av avkastning.

– Ved forhandlingane i Spekter ønskte arbeidsgivar å ta heile pensjonsspørsmålet ut av tariffavtalen. Er det ein konsekvens av ei slik omlegging?

– Nei, det treng det ikkje vere. Endring av pensjonsordning fører ikkje med seg at pensjon må ut av tariffavtala. Og heldigvis fekk vi stoppa dette kravet frå Spekter. Pensjon er og skal vere ein sentral del av taffavtalen.

– Mange synest pensjonsordningar er vanskeleg. Gjer det at folk ikkje er interesserte?

– I Hordaland har vi mange medlem som er omfatta av PBL-avtalen og Spekter-avtalen. Utrekning av pensjon og konsekvensane for den einskilde kan vere vanskeleg å forstå, men dei prinsipielle spørsmåla, om trygge føreseielege, kollektive ordningar, er eigentleg enkelt å forstå. Eg synest ikkje det har vore vanskeleg å mobilisere medlemmane om pensjonsspørsmål, seier Anita Knapskog.

Utdanningsforbundet skal i mekling med arbeidsgivarorganisasjonen Virke etter brot i forhandlingane, og skal starte forhandlingar for FUS-barnehagane i neste månad.

Powered by Labrador CMS