Lilly Eileen Lebius og Joakim Vagle i sketsjen «Kjærlighet på kontoret», som var med i Lyerevyen 2014, «Himmelsk lapskaus». Foto: Leif Tore Sædberg/Jærbladet

Tek gullkorn frå skulen til scena

Jobben er ei god inspirasjonskjelde til revysketsjar, tykkjer lærar Lilly Eileen Lebius.

Publisert

Denne artikkelen var først publisert i Utdanning nr. 6/2016

Heile utgåva kan du lese elektronisk her

 

I 2006 kom Lilly Eileen Lebius til Lyefjell på Jæren frå Tyskland. Ho hadde tenkt å bli der i eitt år. Ho vart verande og er i dag barneskulelærar og ivrig deltakar i lokale revyar.

– Medan eg var au pair, sende eg inn ein søknad til lærarstudiet ved Universitetet i Stavanger. Det var «mest for løye», sidan planen var å dra attende til Potsdam når året var omme. Men så kom eg altså inn, og her er eg framleis.

Ho er med i to revygrupper. På Bryne har ho vore med i teatergruppa «Fantefølge» sidan 2012, og sidan 2014 har ho vore med i «Lyerevyen».

– Korleis kom du i kontakt med revymiljøet?

– Det var naturleg for meg å søka dit. Heile livet har eg drive med teater, revy og musikalar, bortsett frå dei første åra i Noreg, som au pair og lærarstudent. 

I tillegg til å stå på scenen skriv Lilly Eileen sketsjar.

– Tek nokre av sketsjane dine utgangspunkt i hendingar på skulen?

– Ja, iblant oppstår det morosame situasjonar, både på personalrommet og i klasserommet, som kan gje meg idear til gode sketsjar. Det hender eg flettar inn kjappe replikkar i sketsjane, men eg må sjølvsagt passa på at løgne ting som vert sagt og tekne med, ikkje kan sporast attende til nokon, seier Lebius.

Ho får òg bruk for revyerfaringane i undervisninga.

– Eg er svært glad i å setja opp førestillingar i lag med elevane, me nyttar ofte skodespel i timane. Det er verdifullt på fleire vis – elevane tykkjer det er låg terskel for å bidra. Dette året har eg tredjeklassingar, og i den alderen er det enkelt å få med seg elevane. Eg merker at dei har godt utbyte av å vera med. I tillegg til den faglege nytta lærer dei viktige samspelsverdiar. Men ein må hugse på at humor og ironi ikkje alltid fungerer like godt med dei yngste elevane, understrekar ho.

Lilly Eileen Lebius snakkar svært godt norsk, med tydeleg jærpreg. Då ho kom hit, var det einaste ho kunne seie på norsk, ordet «takk». I tillegg til tysk, norsk og engelsk kan ho òg ein del spansk og fransk, utan at det blir så mykje tid til å få praktisert dei to siste språka.

Innimellom jobb og revy vert det òg tid til andre sysler.

– Bortsett frå i dei mest intense revyperiodane trenar eg ein heil del. Og så går det mykje tid til hundane mine, ein welsh springer spaniel og ein blandingshund eg har adoptert frå Ungarn, avsluttar Lilly Eileen Lebius.

Powered by Labrador CMS