Fanden streike!

Debatt: Lærarar arbeider for det lange løp, og dette har arbeidsgjevar altfor lenge tatt for gitt.

Publisert

Vi lærarar og lektorar er no over i ein seig og vond del av ein streik som kunne vore unngått om arbeidsgjevar, ved KS, hadde vore ein dialogpartnar for fagforeiningane i tida mellom sjølve forhandlingane.

Det har aldri vore uklart kva retning Utdanningsforbundet har ynskt. Det handlar om å ta att og halde tritt med lønsutviklinga elles i samfunnet. Det handlar om å halde på og utvikle eit sentralt lønssystem som gjev utteljing for kompetanse og erfaring. Det handlar om at dei som underviser i alle skuleslag skal ha ein høg og aktuell kompetanse. Desse tre områda, som vi har kjempa for over tid, er berebjelkar i ein god skule som er attraktiv å jobbe i og lærerik å vere elev i.

Les også: UDF: KS styrer mot tvungen lønnsnemnd

Når vi no står midt i eit nytt massivt streikeuttak, er det med vondt i magen. Vi ønskjer å undervise, vi ønskjer å sjå elevane att, og vi ønskjer at dei skal få eit fullverdig skuleår. Det vi òg ønskjer, er at kommande skuleår i uoverskodeleg framtid skal bli fullverdige og gode, også når vi sjølve er i gyngestolen eller under torva. Lærarar arbeider for det lange løp, og dette har arbeidsgjevar altfor lenge tatt for gitt.

KS baserar seg på at vi lever på ein kombinasjon av kallstanke og idealisme og ser dermed heller ikkje i år nokon grunn til å lønne oss for strevet. Vi må ikkje sjå oss blinde på direktør for arbeidsliv Tor Arne Gangsø. Han er ein godt løna Urias for eit KS-styre som nok ser på oss som både overbetalte og sytete. So lenge ingen derifrå protesterer, trur eg det er sånn det er.

Bak KS-styret står den eigentlege arbeidsgjevaren, som er Stortinget. Dei gjer sine tildelingar gjennom budsjett, før dei dreg seg inn att i møterommet, etter fyrst å ha toa sine hender på stortingstoalettet. Deretter kallar dei lønsforhandlingane noko som skjer mellom partane, medan det er dei sjølve som er den største parten. Det skal du ha, reine hender har dei, etter all denne vaskinga. Ein treng vel gjerne det før ein skal skrive reiserekningar.

Lærarane har dermed hamna mellom to arbeidsgjevarstolar.

Etter at staten vart avsett som forhandlingspartnar lever vi med store og billige ord frå stortingssalen om å satse på læraren, medan KS sin forhandlingleder mullar for seg sjølv i KS-skjegget: «nei, det he oss ikkje råd til» med sin opphavlege dialekt, frå grensa mellom Sunnmøre og Vestland ein stad. Fakta er at heilt sidan vi miste staten som forhandlingspartnar og vart kommunale, har vi vore handsama som den glupske gaukungen i reiret.

Les også: Kjære politikere. Dere kan ikke lenger gjemme dere bak KS. Dere er KS.

Vi fortener snart at det vert samsvar i ord og handling frå begge arbeidsgjevarane våre, både den med dei fine orda og den med gjensydd pengepung og manglande heilskapssyn. Litt færre fagre ord og litt meir respekt og pengar på bordet so er vi der. I lengda får du det du betalar for. KS frontar no eit tapsprosjekt som elevane våre til sjuande og sist må betale for.

Powered by Labrador CMS