Bildet er fra en skole i byen Pripyat.

13 000 ukrainske lærarar er framleis i utlandet

Nesten 13 000 ukrainske pedagogar oppheld seg framleis i utlandet, ifølgje utdanningsministeren i landet, Serhyj Sjkarlet.

Mange av dei held fram med å undervise elevane sine digitalt, ifølgje nettportalen Vseosvita.ua. Rundt halvparten av dei som flykta rett etter Russlands åtak på heile Ukraina, er komne attende.

I mars synte offisielle tall at 27 000 pedagogar hadde reist frå landet. Ved starten på dette skuleåret hadde dessutan EU-landa 506 000 skuleelevar frå Ukraina. I tillegg kjem elevar som drog saman med foreldra sine til USA, Canada, Australia og Japan, skriv Vseosvita.ua.

Powered by Labrador CMS