Latvia

Pandemi-tiltaka tyner latviske lærarar

Sju av ti lærarar seier dei har svært stort arbeidspress under pandemien.

Publisert

Det går fram av ei undersøking som den latviske lærarorganisasjonen LIZDA nyleg har utført, skriv avisa Diena. To av tre svarer at dei held på å verte utbrende, og rundt halvparten tenkjer på å forlate yrket.

Berre 23 prosent meiner arbeidsmengda i samband med fjernundervisning er balansert, og nesten alle svarer at dei treng meir tid for å bli gode nok til slik undervisning. I ei høyring med utdanningskomiteen i nasjonalforsamlinga fortalde læraren Inese Pucite at arbeidsveka gjerne blir på 65 timar, og at i tillegg til undervisninga tek konsultasjonar med foreldre og elevar mykje tid.

– Dersom ein deler lønna på talet arbeidstimar, vert læraryrket det lågast lønte i landet, sa ho.

Leiaren for LIZDA, Inga Vanaga, seier til Utdanning at undersøkinga syner at mange lærarar er i ferd med å verte utbrende. Samtidig meiner ho pandemien har forsterka allereie eksisterande problem for latviske lærarar: overbelasting, tilleggsoppgåver, manglande profesjonell støtte og likesæle frå politikarane overfor lærarane.

«Det er eit akutt behov for å tilby lærarar psykologisk oppfølging, endre politikarane sine haldningar og endre systemet for fastsetting av arbeidsmengd og løn», skriv ho i ein e-post.

I ein e-post til Utdanning understrekar Utdanningsdepartementet i Latvia at pandemien har ført til ekstra press på lærarane. Departementet vil tilby lærarar både psykologisk støtte og rådgjeving i fjernundervisning.

Undervegs i pandemien har det vore mogleg å tilpasse kor mykje elevane må lære. I januar vart det gjeve ein lønsbonus til tilsette i spesialskular og barnehagar. Desse har i stor grad vore opne, medan skulane stort sett har vore basert på fjernundervisning sidan i haust.