Gry Kallåk kjem ikkje til å nytte korona-karantenen til skitur, sjølv om veret er fint og fjellviddene i Sel kommune er store.

Lærarar i korona-karantene på Otta jobbar for fullt

Korona-karantene er ingen grunn til at inspektør Gry Kallåk og dei 14 andre lærarane ved Otta ungdomsskole ikkje skal jobbe.

Publisert Sist oppdatert

15 av dei 20 lærarane ved denne skolen i Sel kommune i Gudbrandsdalen er pålagt karantene, og skolen er stengt. Men korkje lærarar eller elevar har fri av den grunn.

Inspektør Gry Kallåk er travel ved PC-en heime.

– Eg både underviser og administrerer. Nå held eg på med å lage oppgåver som elevane skal få på elevportalen. Vi skal rettleie elevane i desse oppgåvene. Rettleiinga blir ikkje like god som i klasserommet, men nyttig likevel, seier ho.

– Når eg er ferdig med det, skal eg ta fatt på å lage oppgåver for lærarane i tilknyting til prosjektet kommunen har om inkluderande skole og barnehage, held Gry Kallåk fram.

Foreldra ved skolen har fått sms om at lærarane arbeider med oppgåvene og at elevane ikkje har fri under karantenen.

Ho er sjølv mor ved skolen, i tillegg til å vere tilsett, og har selskap i heimen. Difor har det vore enkelt å konstatere at foreldreinformasjonen fungerer.

Kan dra til skolen

Gry Kallåk satsar på at ho har det ho treng for arbeidet tilgjengeleg på data.

– Men ser eg at det er noe eg manglar, kjem eg til å reise til skolen for å hente det. Reglane frå Folkehelseinstituttet gir oss lov til å gå ut. Men vi skal ikkje oppsøkje stader med mye folk. Må eg til skolen, kjem eg ikkje til å ta kontakt med dei som er i jobb der, seier ho.

Offentlege kommunikasjonsmiddel skal heller ikkje dei som er i karantene bruke, men Gry Kallåk konstaterer tørt at det er det lite av i Sel kommune uansett.

– Det er vakkert vintervêr på Otta nå. I tillegg er det store vidder og god plass på fjellet. Freistar det ikkje med ein skitur?

– Ikkje i arbeidstida, seier Gry Kallåk.

200 i karantene

Skolen er inntil vidare stengt fram til fredag 13.mars.

Andre skolar i kommunen er ikkje stengde, heller ikkje barnehagane.

I alt 200 personar i Sel er nå i karantene. Koronasmitte vart påvist i Sel 5. mars. Smitta er spora til utlandet.

I alt bur det 5 775 personar i Sel kommune.

Powered by Labrador CMS