Kunnskapsminister Tonje Brenna og regjeringa fordeler 216 millionar på kommunar, fylkeskommunar og privatskular.

Deler ut 216 millionar for å ta igjen tapt fagleg og sosial læring

66 kommunar, 198 privatskular og alle fylkeskommunane får i desse dagar pengar som skal nyttast til tiltak for å ta igjen tapt fagleg og sosial læring hos barn og elevar.

Publisert Sist oppdatert

Pengane er fordelt slik at område med høgt smittetrykk og strengaste tiltak får meir enn område med lågare smittetrykk, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

I tillegg til kommunar og fylkeskommunar får 198 av 332 privatskular tilskot.

Av kommunane er det dei tre største, Oslo, Bergen og Trondheim får mest. Oslo får over 30 millionar kroner, Bergen får nesten 13 millionar og Trondheim får 9,5 millionar kroner.

– Pandemien har råka skule- og barnehagekvardagen til barn og unge hardt, men det har vore variasjonar mellom kommunar i smittetrykk og tiltaksbyrde. Eg er opptatt av at midla blir tildelt områda der behova er størst, slik at midla ikkje blir smurde for tynt utover, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i pressemeldinga.

Sosial utjamning

Ifølgje departementet skal tilskotet motverke skilnadane mellom elevane aukar på grunn av pandemien. Det skal òg bidra til sosial utjamning sidan det kjem barn og unge med dei største behova til gode.

– Denne regjeringa har styrka dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane kraftig. Vi er òg tydelege på at vi skal dekka kostnadene kommunane og fylkeskommunane har i samband med pandemien, seier Brenna.

Les også: Guri Melby mener kunnskapsministeren svikter pandemi-elevene

Powered by Labrador CMS