Espira Rå barnehage i Bergen har rundt 250 barnehageplasser og sju millioner kroner i årlig husleie.

Det er dyrt å vere barnehage i eit konsern

Barnehagar som er del av eit barnehagekonsern betalar i snitt tjue prosent meir i huskostnadar enn private barnehagar som eig huset sjølv.

Publisert

Det kjem fram av ein rapport frå Telemarkforskning, Kostnader i barnehager 2019.

I rapporten slår forskarane fast at for private barnehagar er det billegare å eige enn å leige hus. Og aller dyrast er det for dei barnehagane som leiger hus av det konsernet som eig dei. Det er dyrare enn å leige av ein ekstern huseigar.

Konsernbarnehagane betalar mest også også når forskarane tar ulike omsyn. Mange konsernbarnehagar ligg i strøk der prisane på tomter og hus er høge. Men også når dei modererer for slikt betalar barnehagane i konserna mest.

Dei siste åra har private barnehagekonsern kjøpt opp mange frittståande private barnehagar.

– Vårt inntrykk er at betalingsviljen i konserna har vore stor ved slike kjøp, seier seniorforskar Trond Erik Lunner ved Telemarkforskning. Han er ein av forskarane bak rapporten.

Les også: Oslo kommune tar private barnehager for lovbrudd – leier selv ut lokaler til langt høyere pris

Høgast pris hos dei kommersielle

I fjor gjorde Utdanningsnytt si eiga gjennomgang av husleigekostnadane for private barnehager. Den viste at det er dei kommersielle barnahagane som har dei høgste husleigene blant dei private.

Over 200 private barnehagar betaler huslege på over 1 million kroner.

Halvparten av barnehagane med den høgste husleigen er barnehagar i konserna Espira og Norlandia.

Powered by Labrador CMS