Ungdommar får bot for dårlege karakterar

Ungdommar får inndratt mobilen, eller må betale foreldra pengar til foreldra om dei ikkje får karakterar på forventa nivå.

Publisert

Det kjem fram i ei undersøking Nova-forskar Ingunn Marie Eriksen ved Oslo Met har gjort.

Ho har intervjua 53 elevar mellom 15 og 17 år for å finne samanhengar mellom skolestress og foreldrepress. Fleire av ungdommane peikar på foreldra som årsaken til foreldrepress. Får dei ikkje karakterane foreldra forventar, får det akutte konsekvensar. "Jeg føler meg som en taper, egentlig", seier ei jente i undersøkjinga.

Forskar Ingunn Marie Eriksen.

– Foreldra har ein ekstremt viktig rolle i å dempe prestasjonspresset mange ungdommer lever under i dag, seier Eriksen til OsloMet.no.

Ungdommane vedgår at sjølv om forventningane skaper vonde kjensler, deler dei foreldra sin ambisjon om at dei må gjere det bra.

Les også: – Mødre stoler ikke på yrkesfag

Ungdommane som fortel om dette foreldrepresset høyrer til i gruppa Ingunn Marie Eriksen kallar "økonomisk middelklasse". Dei har foreldre som tener godt med pengar, men som ikkje har særleg høg utdanning sjølv.

– Foreldra i den økonomiske middelklassen formidlar tydlege krav og forventningar knytta til skolearbeid og skoleresultat, seier Eriksen til OsloMet sine hjemmesider.

Høge ambisjonar

Ungdommar i gruppa Eriksen kallar "kulturell middelklasse" fortel og om stress på grunn av forventningar om gode skoleprestasjonar. Men dei seier at forventningane kjem frå dei sjølve, ikkje frå foreldra. Foreldra i denne gruppa har høg utdanning men ikkje så store inntekter.

Foreldre i båe grupper har høge ambisjonar på vegne av barna, men dei snakkar om det på ulikt vis, ifølgje Ingunn Marie Eriksen.

Les også: På Ringshaug ungdomsskole har elevene karakterfri hverdag

Ho meiner det er interessant at utdanning er så viktig for den psykiske helsa til unge. At skolestress blir knytta til psykisk helse er ei utvikling ikkje berre i vårt land, men i store delgar av verda.

Eriksen meiner hennar studie viser at foreldre kan dempe presset dei unge opplever, avdi foreldra kan vere sentrale i formidling av krav.

Powered by Labrador CMS