Litt meir helsesjukepleiar endrar lite

Å auke tida med helsesjukepleiar på skolen med 3 timar og eit kvarter i veka betrar ikkje skoleprestasjonane til elevane.

Publisert Sist oppdatert

Læringsmiljøet for elevane i 5. til 7.klasse vart ikkje betre av denne utvidinga, og fråveret gjekk ikkje ned.

Det er konklusjonen i ei undersøking frå Nordisk institutt for studie av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Den har sett på elevar ved eit utval skolar som fekk 3,25 ekstra timer i uka til helsesjukepleiarar frå 2017 til 2020.

Funna i denne undersøkinga stemmer med funna i hovudundersøkinga om det same. Men den undersøkinga var gjort eit og eit halvt år etter at auken i tida for helsesjukepleiaren var sett i gong. Eit halvt år lenger tid hadde likevel ikkje endra resultata.

Prosjektet har ført til meir merksemd rundt samarbeidet mellom skole og helsesjukepleiar, heiter det vidare i rapporten.

Powered by Labrador CMS