Høgskulen i Volda.

Her studerer dei mest fornøgde lærarstudentane i landet

Grunnskulelærarstudentane 1.-7. trinn ved Høgskulen i Volda tronar på toppen av lista over kor fornøgd lærarstudentane landet over er.

I dag vart resultata frå Studiebarometeret 2021 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

Det mest brukte og viktigaste talet frå undersøkinga er overordna tilfredsheit. Her gir Grunnskulelærarstudentane 1.-7. trinn ved Høgskulen i Volda (HVO) karakteren 4,3 der 5 er høgst og 1 er lågast. Gjennomsnittet for alle grunnskulelærarutdanningar er 3,6.

– Dette er fantastiske nyhende! Vi jobbar kvar dag for å gi studentane den beste undervisningskvaliteten og rammer som gjer studiekvardagen så god som mogleg, da er det kjekt å sjå at det gir resultat, seier Eivind Patrick Hanevik, studieleiar for grunnskulelærarutdanninga ved HVO.

Undersøkinga består av fleire spørsmål og dei nemnde grunnskulelærarstudentane scorar best på korleis studieprogrammet er organisert, og det same for eksamen.

Barnehagelærarstudentane ved HVO gir også tilbakemelding om at dei er godt fornøgde. Barnehagelærarutdanning deltid får karakteren 4,3, mens talet er 3,9 for heiltid.

Grunnskulelærarstudentane 5.-10. trinn er meir på landssnittet i si tilbakemelding med ein score på 3,5.

(©NTB)

Powered by Labrador CMS