Venstre vil ha nytt vedtak om kompetansekrava

Stortingsrepresentant Iselin Nybø frå Venstre vil ha eit nytt stortingsvedtak om kompetansekrava for lærarar. Henrik Asheim frå Høgre er usamd.

Dette kom fram i Politisk kvarter i NRK radio i dag.

Nybø vil ikkje at skoleeigar skal kunne få dispensasjon frå dei nye kompetansekrava. I staden vil ho at det er den einskilde lærar som skal kunne få dispensasjon i ti år. På den tida må læraren oppdatere seg slik at krava blir tilfredsstilt. Asheim meiner det er essensielt at det er skoleeigar som får dispensasjonen, sidan det er arbeidsgivaren som har ansvaret for å leggje til rette for at læraren kan kvalifisere seg.

Powered by Labrador CMS