Knud Rasmussen høyskole (Knud Rasmussenip Højskolia) i Sisimiut på Grønland.

Grønlandsk skolereform fungerer ikkje

Tre av fire grønlandske elevar som starta rein yrkesutdanning, fullfører ikkje. Av dei som går studieførebuande, fell ein av to ut.

Publisert

På Grønland er ein tredel av kvart ungdomsårskull ikkje i utdanning eller jobb. Det er det danske bladet Folkeskolen som melder dette.

Mitdlarak Møller Lennert knytter i si ferske doktoravhandling dette til at intensjonane i den grønlandske skolereforma som vart sett i verk i 2003, ikkje er blitt realiserte. Lennert er utdanningsforskar ved Ilisimatusarfik, universitetet på Grønland.

Vekk med dansk skole

Skolereforma, som fekk namnet Atuarfitsialak, skulle vere ei reform som gjorde slutt på ein skole på danske premiss. Den pedagogiske grunnideen var at grønlandsk kultur og historie skulle vere utgangspunktet for skolens arbeid.

Men korleis dette skulle skje, hadde ikkje rot i realitetane om korleis det var stelt i skolane. Det var basert på eit ideal om korleis skolen burde vere, ifølgje Møller Lennert.

44.000 kilometer kyst

Idealet tok heller ikkje omsyn til at dei snaut 8000 elevane er fordelt på 87 skolar med mellom tre og 500 elevar, og at dei ligg langs ei 44.000 kilometer lang kystline.

Dei store sosiale problema landet slit med, gjer ifølgje Mitdlarak Møller Lennert at store elevgrupper ikkje er i stand til å ta imot undervisning. Dette er heller ikkje med i planen.

Ikkje grønlandsk kultur

Dessutan meiner Mitdlarak Møller Lennert at reforma ikkje tar utgangspunkt i grønlandsk kultur. Ho viser blant anna til at planen er inspirert av arbeid med utdanning for urfolk på Hawaii.

«Ansvar for eigen læring» er sentralt i planen. Det meiner Møller Lennert ikkje har rot i grønlandsk kultur. Tvert om har heile lokalsamfunnet vore sterkt engasjert i å lære de unge opp til å bli dyktige jegerar og jegerhustruer.

Den grønlandske lærarorganisasjonen Imak har kritisert styresmaktene for at det ikkje er løyvd nok pengar til å setje gjennom reforma. Mitdlarak Møller Lennert meiner denne kritikken er korrekt.

Powered by Labrador CMS