Måløy vidaregåande skule.

Lærar får 155 000 kroner frå fylkeskommunen etter varslingssak

Tidlegare lærar Håvar Fagerli får oppreising og erstatning frå Vestland Fylkeskommune på grunn av kommunen si handtering av varsling om systematisk trakassering og mobbing.

Publisert

At Fagerli nå får erstatning og oppreising tyder at fem andre lærarar ved Måløy vidaregåande skule og vil få det. Alle har varsla om kritikkverdige tilhøve ved skolen. Fjordenes Tidende omtalte denne saka først.

Håvar Fagerli var avdelingsleiar ved Måløy vidaregåande skole da han, som den første, 20.desember 2020 varsla Vestland fylkeskommune om trakassering og mobbing frå leiinga ved skolen.

– Men fylkeskommunen ville ikkje handsame dette som eit varsel, seier hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Vestland Hilde Kvamsås Aa til Utdanningsnytt.

– Dei meinte dette var ei personalsak, fortel ho.

Det vart ifølge Aa starten på ein vond prosess med mange involverte som ikkje alltid visst kva dei andre gjorde.

Samstundes kom det fleire meldingar og varsel om brot på arbeidsmiljølova. Det vart gjort ei arbeidsmiljøundersøking, men også den skapte misforståingar og usemje mellom ulike aktørar.

– Ein konsekvens av den uheldige prosessen er at arbeidsgivar ikkje fyller sin omsorgsplikt for medarbeidarane, seier Hilde Kvamsås Aa.

Rektor blir omplassert

I august 2020 kjem varslingsutvalet i fylkeskommunen med ein ny rapport. Der endrar dei konklusjonane frå den første rapporten, og seier det har skjedd brot på arbeidsmiljølova. Etter at varslingsutvalet har vurdert saka for andre gong blir rektor omplassert.

Advokatfirmaet Kluge blir engasjert for å evaluere prosessen. Dei leverer ein rapport som konkluderer med kritikk til fylkeskommunen for prosessen.

Eit signal til kommunesektoren

– Denne saka er eit signal til kommunesektoren, og også til verksemder, om at varslingssaker skal handterast skikkeleg, seier Hilde Kvamsås Aa.

– Varslingssaker er vanskelege, men arbeidsgivar må kunne handtere dei. Gjer dei ikkje det kan dei bli pliktige til å gi folk erstatning og oppreising, seier ho.

Beklagar

Fylkesdirektør Rune Hagusdal seier til Utdanningsnytt at han på vegne av fylkeskommunen beklagar det som har skjedd.

– Ei varslingssak skal bli handsama som ei varslingssak, understrekar Haugsdal. Han seier han bestilte evalueringsrapporten for å lære, og for å sikre at slike feil ikkje skjer igjen.

– Det krev at vi går igjennom rutinane våre for slike saker, og at vi sikrar opplæring i kva som skal vere praksis, seier Haugsdal.

Han understrekar at det vil bli utbetalt erstatning og oppreising både til hovudvarslaren, som nå har fått erstatning, og til dei fem andre varslarane.

Håvar Fagerli gjekk over i anna stilling i fylkeskommunen som var dårlegare betalt enn den han hadde i skolen. Det får han 80 000 erstatning for. I oppreising får han 75 000 kroner.

Powered by Labrador CMS