Vi har råd til ein lønnsauke på både 5 og 6 prosent

Debatt: I samband med lønnsoppgjeret er det nok ein gong mykje fokus på Norge sin konkurranseevne og at lønningane i Norge ikkje kan auke meir enn i andre land.

Publisert

Frontfagmodellen skal sikre at konkurranseevna ikkje vert svekka. Dette er ein modell som er moden for revidering, sidan mange andre faktorar er vel så viktige for vår utanriksøkonomi som lønnsnivået i industrien. Lønsemda i store deler av frontfaget er i dag svært god. At frontfagmodellen slik den vert praktisert no, med ein annan næringsstruktur enn før har utspelt sin rolle, er ei anna problemstilling som vi skal la ligge her.

Men faktum er at den kostnadsmessige konkurranseevna til Norge i forhold til andre land har over tid blitt styrka dei siste åra. Norske kroner er på sitt svakaste nivå nokon sinne, om ein ser bort i frå ei kort valutaendring under coronakrisa i 2020. Dei som er opptatt av konkurranseevna og blir siterte i media i samband med lønnsoppgjeret har i liten grad fokusert på dette. Spesielt gjed dette naturlegvis NHO, men også ein del «uavhengige økonomar» og kommentatorar.

Frå å ha eit lønnsnivå som ligger om lag 50% over lønnsnivået til våre viktigaste handelspartnerane i 2013 ligg vi i 2023 i underkant av 20% over. Berre i løpet av 2023 har den svekka kronekursen betra konkurranseevna vår med over 10%. Svekka kronekurs styrkar eksportnæringane og dei alle fleste store selskapa i Norge tener på svekka kronekurs.

Konkurranseevna er avhengig av ei rekkje faktorar og ikkje berre lønnsnivået. Produktivitet og valutakursen er av dei viktigaste faktorane i tillegg til lønnsnivået. Dette er dei faktorane som vert omtala i lærebøkene når ein skal vurdere den kostnadsmessige konkurranseevna. Norge sin utanriksøkonomi er solid. Vi har over tid hatt store overskot i handelen med andre land og vårt store oljefond gjer behovet for valuta for å betale for importen er heilt annleis enn før.

Det ser ut til at dei viktigaste handelspartnerane våre vil få ein lønnsvekst på 5,4% i 2023. Kjøpekrafta vår har reelt sett stort sett gått ned dei siste åra og høg inflasjon og ei framleis stigande rente i alle land vil gjer det vanskeleg å auke den disponible inntekta også i 2023 og 2024. Vi i Norge har hatt nedgang i reallønna i 2022 og den har nesten ikkje auka i det heile sidan 2015.

Eit anna viktig moment i samband med lønnsoppgjeret fordelinga av faktorinntekta. Den handlar om kva som går til kapitalen, overskot og utbytte til eigarane og til arbeidskrafta. Her ser vi at den delen som går til arbeidskrafta i form av lønn har gått litt ned. Det har blitt meir til eigarane og kapitalen og noko mindre til arbeidskrafta.

Over tid bør vi ikkje ha ein vesentleg høgare lønns og prisnivå enn andre land. Om prisane stig meir enn lønningane blir det nedgang i reallønn. Og sterk lønnsauken gir vanlegvis også ein endring i inflasjonen gjennom ein såkalla lønns-prisspiral. I dag er likevel mykje av inflasjonen importertog noko skuldast den svake kronekursen. Behovet for å auke renta frå eit unormalt lavt nivå har vore nødvendig. Men det bør likevel ikkje vere til hindre for at vi kan ha ein reallønsauke i år. Det er i tillegg mange andre faktorar enn lønnsnivået som bestemmer konkurranseevna.

Situasjonen i 2023 er i alle fall slik at vi uansett har råd til ein lønnsauke på både 5 og 6 % utan at det blir krise for konkurranseevna og for norsk økonomi.

Powered by Labrador CMS