Skuldar kunnskapsministeren for å feilinformere om fraværsgrensa

Helsesøstrene meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen feilinformerer og skapar kaos kring den nye fråværsgrensa.

Legane har reagert på køar av elevar som treng attest på at dei er sjuke fordi dei fryktar for mykje fråvær. Kunnskapsministeren sa i førre veke at elevene kan gå til helsesøster og psykolog.

– Der tar kunnskapsministeren fullstendig feil. Det er ikkje vår oppgåve å skrive legeattestar, seier helsesøster i Eid, Hilde Hoddevik til NRK Sogn og Fjordane.

Den nye fråværsgrensa ved dei vidaregåande skulane sender elevar med feber og hoste inn på legekontora for å få erklæring på at dei har gyldig fråvær.

Legeforeininga meiner det er problematisk at dei no må bruke tid på tilstandar som går over av seg sjølv. Lege Mariann Kapstad i Førde er ei av fleire som reagerer. Ho seier kollegaene blir nedrende av skuleelevar som treng attest.

I førre veke sa kunnskapsministeren til NRK: «Det er ei mistyding at ein berre kan gå til lege når ein nærmar seg 10 prosent, og treng dokumentasjon. Det er ikkje rett. Det står klart og tydleg at også anna helsepersonell, altså helsesøstrer og psykologar kan og gi dokumentasjon.

– Informasjonen frå kunnskapsministeren er verken god eller korrekt. Det meiner leiar i Landsgruppa av helsesøstrer Kristin Sofie Waldum-Grevbo.

Waldum-Grevbo syner til eit brev frå Helsedirektoratet, frå juli, som slår fast at helsesøstrene ikkje skal ha oppgåva med å lage attestar. Brevet kom etter at Kunnskapsdepartementet i vår i eit skriv fyrst hadde sagt det motsette.

Kunnskapsministeren kunne ikkje svare NRK på kva han meiner med å sende elevar til helsesøstrer.

I ein e-post kommenterer statssekretær Magnus Thue kunnskapsministeren sine utsegner slik:

«Helsesøstre er ikke gitt en ny oppgave. De pålegges ikke å dokumentere noe de ikke allerede gjør i dag. Vårt poeng er at det er viktig at regelverket ikke utelukker at også dokumentasjon fra helsesøstre har gyldighet når rektor skal vurdere fraværet til elever som sliter.»

Powered by Labrador CMS