Ung.noBrukt i nettsak 24. mars

Mange elevar spør om fråversreglen

Fråversregelen i vidaregåande skole kom på sjette plass blant artiklane ungdommar klikka på på nettstaden til hos spørjetenesta ung.no.

Publisert

Nettstaden hadde 21,5 millionar besøk i 2021. Den mest leste artikkelen heitte «20 tegn på at noen liker deg».

Tenesta svarte på direkte spørsmål frå nesten 105 000 ungdommar mellom 13 og 20 år i fjor. Det var ein auke på 25 prosent frå året før.

Kropp, helse, psykisk helse og kjensler er det dei unge spør mest om. Slik har det vore sidan tenesta starta opp i 2003. Men i 2021 spurte rundt rekna 2000 unge om eteforstyrringar. Det er ein auke på 1200 frå året før. I alt auka talet på spørsmål med 25 prosent frå 2020 til 2021.

270 fagpersonar spreidd over heile landet svarar på det ungdommane lurar på.

LES: – Har aldri opplevd så mye fravær og hatt så lite vurderingsgrunnlag

Det er Bufdir som driv nettstaden.

Powered by Labrador CMS