Regjeringa foreslår mellombelse endringar i fråværsreglane

Elevar som har fråvær på grunn av helsa si, skal sleppe å gå til fastlegen sin for å dokumentere fråværet, foreslår Kunnskapsdepartementet.

Etter forslaget skal endringane i første omgang gjelde ut oktober. Målet er at elevar med milde symptom på luftvegsinfeksjon ikkje skal presse seg til å gå på skolen, ifølgje kd.dep.no.

Folkehelseinstituttet anbefalte nyleg at vi må sjå på endringar i reglane om fråværsgrensa på grunn av utfordringa med auka smittespreiing.

– No er det viktig at elevar som har symptom held seg heime, så dei ikkje spreier smitte. Det same gjeld for elevar som har blir utsett for smitte og difor skal vere i karantene. Difor foreslår vi å endre fråværsreglane ei periode, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Forslaget går ut på at elevar i vidaregåande skole som har fråvær grunna helsa si, kan bruke eigenmelding. Dei som er yngre enn 18 år må få stadfesting frå dei føresette. Endringane vil også gjelde for føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis i grunnskole og vidaregåande skole.

I vår blei ein del fag- og sveineprøvar utsett på grunn av koronapandemien. Enkelte av dei som no går på Vg4 påbygg til generell studiekompetanse, må difor ta desse fag- og sveineprøvane samtidig som dei går på påbygg.

Kunnskapsdepartementet foreslår at fråvær fordi ein tek slik utsett fag- og sveineprøve skal reknast som dokumentert fråvær, og vere unntatt reglane om fråværsgrensen og føring av fråvær.

Powered by Labrador CMS