Unnatak fra fråværsreglane til hausten 2021

Regjeringen foreslår at elevar i videregåande skole ikkje treng å dra til fastlegen for å dokumentere fråværet sitt før hausten 2021.

Publisert Sist oppdatert

Målet er at elevar med milde, nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon ikkje skal føle seg pressa til å gå på skulen, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Det er viktig at elevane følgjer råda som er gitt om når dei ikkje skal møte på skulen. Vi forlenger unntaket i fråværsreglane for å unngå at elevar i karantene eller med milde symptom på luftvegsinfeksjon likevel møter på skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i pressemeldinga.

Sjølv om dei vanlege krava til dokumentasjon ikkje skal gjelde, må elevar som er yngre enn 18 år få stadfesting frå dei føresette. Elevar over 18 år kan bruke eigenmelding.

– Når vi no foreslår at unntaksreglane skal gjelde ut heile inneverande skuleår, er det for å gje skulene og elevane mest mogleg ro og eit føreseieleg skuleår i ei svært krevjande tid for mange, seier Melby.

Forslaget gjeld både offentlege skular og friskular. Fristen for høyringa er 27. oktober.