Kvar fjerde elev vel bort andre framandspråk

Nedgangen i talet på elevar som vel andre framandspråk i ungdomsskolen held fram.

Publisert

Det er Framandspråksenteret som melder dette.

Det har aldri vore så mange åttandeklassingar som ikkje får undervisning i eit andre framandspråk. 74,1 prosent hadde valt eit anna framandspråk ved starten på ungdomsskolen.

Spansk på topp

Blant dei som vel eit andre framandspråk er spansk mest populært. Tysk kjem på andreplass. Men medan interessa for spansk aukar, fell interessa for tysk. Fransk er det klart minst populære av dei tre vanlegaste framandspråka.

Interessa for engelsk fordjuping har halde seg ganske stabilt på drøyt 10 prosent.

Les også Hva er egentlig nytt med fremmedspråkene?

Fell frå

Erfaringsmessig fell drøyt ti prosent av dei som vel eit andre framanspråk frå i løpet av ungdomsskolen, ifølgje Framandspråksenteret. Det tyder at rundt seksti prosent av elevane som begynte i åttandeklasse i haust vil gå ut av ungdomsskolen med tre års undervisning i eit andre framandspråk.

Det faget som ser ut til å auke når framandspråka går ned er arbeidslivsfag.

Brått fall

I skoleåret 2010/2011 var talet nesten på dagens nivå, men så steig det. I 20114/2015 hadde nesten 78 prosent eit andre framadspråk, men så gjekk det ned igjen.

Dei to siste åra har kurven for elevar som ikkje vel andre framandspråk gått relativt bratt ned. Begge åra har nedgangen vore på 1,4 prosent, som er den brattaste nedgongen vi har sett.

I 2006 valde 81 prosent eit andre framandspråk.

Powered by Labrador CMS