Skuleleiarar demonstrerte utanfor rådhuset i Pantin til minne om rektor Christin Renon, som tok livet sitt fordi ho opplevde at høvet til å gjere jobben sin vart stadig verre.

Skuleleiarar vert lova ein lettare kvardag

Det franske utdanningsdepartementet vil innføre tiltak som skal lette arbeidspresset på skuleleiarar, etter at ein rektor tok livet sitt på grunn av jobben.

Publisert

I samarbeid med fagforbunda skal det franske utdanningsdepartementet sende ut ei spørjeundersøking, der alle skuleleiarar vert bedne om å kome med innspel om korleis arbeidspresset kan bli mindre. På bakgrunn av dette skal departementet finne fram til tiltak som betrar arbeidsvilkåra for rektorane, melder kringkastingsselskapet France Info.

21. september tok rektor Christine Renon livet sitt på ein barneskule i Paris-forstaden Pantin. I eit brev ho lèt etter seg, fortalde ho om utmatting, einsemd i jobben, opphoping av tidkrevjande oppgåver og endelause og sjølvmotseiande reformer. Sjølvmordet førte til stor merksemd, med mellom anna demonstrasjonar med krav om at noko må gjerast med skuleleiarane og lærarane sin arbeidssituasjon.

Ifølgje opplysningar departementet har fått henta inn, tok 58 skuletilsette livet sitt i førre skuleår. France Info minner likevel om at dette vil seie 5,85 sjølvmord per 100.000 tilsette i utdanningssektoren, medan den generelle sjølvmordsrata i Frankrike er på 16,7. Frå starten på dette skuleåret og fram til 6. november var det registrert 11 sjølvmord.

Powered by Labrador CMS