Læraren John Matipei på sjukehuset fire dagar etter hyeneåtaket. Flekkhyena er den vanlegaste av hyeneartane i Kenya. Skulderhøgda kan bli over 90 centimeter og vekta over 60 kilo, ifølgje Wikipedia. Foto: Kurgat Marindany/The Star,  Mariomassone/Wikimedia Commons

Lærar beit hyene

Læraren John Matipei hadde nettopp kome heim frå jobben og skulle hente vatn til geitene sine. Brått gjekk ei hyene til åtak på han.

Med berre hendene slost 42-åringen med hyena i om lag ein time, fortel avisa The Star. Då hyena sette tennene i låret hans, svarte han med å bite dyret i snuten.

Det gjorde at hyena stakk av, men John Matipei fekk ifølgje avisa djupe sår over heile kroppen. Angrepet skjedde 14. februar, og først ein månad seinare vart han utskriven frå sjukehus.

No er han oppteken av å kome attende til skulen, der han er assisterande rektor og det berre er to lærarar.

– Eg har mykje arbeid som står att for å kome i rute med pensum, seier han.

John Matipei krev erstatning frå det statlege organet Kenya Wildlife Service og får hjelp av lærarorganisasjonen KNUT.