Lærarsambandets blad Den Norske Skole kom først ut i mars 1942. Same månad vart 1100 lærarar arresterte fordi dei nekta å gå inn i den nazistiske lærarorganisasjonen.

Da nazistane styrte lærarbladet

«Den norske lærerstand kunde stort sett før krigen deles i 3 store grupper: De nasjonale lærere, de nasjonalt-kristelige lærere og de kommunistiske lærere. Norges Lærersamband har samlet dem alle i én organisasjon».

Publisert

Slik skriv Orvar Sæther i januarnummeret av bladet «Den Norske Skole» i 1945. Det skulle berre kome ut tre nummer til. Den siste utgåva er datert april 1945.

«Medlemsblad for Norges Lærersamband» står det tydeleg under tittelen på bladet. Innlegget frå Orvar Sæther i dette nummeret  fyller, saman med eit bilete av han, resten av framsida og ein god del av side 2. Orvar Sæther har tittelen Landsleder, og det han leiar, det er Norges Lærersamband.

«Det er klart at så uensartet som den norske lærerstand var, måtte det oppstå rivninger», medgir landsleiaren i sine nyårsrefleksjonar.

«Men ut av disse kamper er det dog kommet en fast organisasjon, som i disse vanskelige år har trygget lærernes interesser», slår han fast.

Vidare i artikkelen viser Orvar Sæther tilbake til det første nummeret, i mars 1942. Der vart det lova at «organisasjonen ikke vilde foreta noe overgrep overfor lærerne på noen som helst måte. Og det har vi holdt», konstaterer Sæther i januar 1945.

 

Norges Lærersamband

Redaksjonen i «Den Norske Skole» bestod av redaktør Halstein Sjølie og medarbeidarane rektor John S. Volle og tilsynslærarinne frøken Ellen Haugseth.

Bladet var ein konsekvens av opprettinga av det nazistiske Norges Lærersamband i februar 1942. Men duoen med redaktør Halstein Sjølie og landsleiar Sæther hadde styrt «Norsk Skuleblad» sidan sommaren 1941. 

Norsk Skuleblad var medlemsblad for Norsk Lærarlag.  Men 18. juni det året la Josef Terboven, den høgste leiaren for dei tyske styremaktene i Noreg, ned alle organisasjonar i si demokratiske form. I staden sette styremaktene inn leiarar for organisasjonane. Norsk Lærarlag fekk leiar for Hirden,  Orvar Sæther, som leiar. Ellen Haugseth frå Kvinnehirden vart sett inn som  leiar i Norges Lærerinneforbund og redaktør for medlemsbladet «Vår skole». John S. Volle vart oppnemnd som leiar for Norsk Lektorlag og redaktør for medlemsbladet «Den Høgre Skolen». 15. september 1941 kom den første nazistiske utgåva av bladet, som dessutan hadde endra skrivemåten til «Den høyere skole».

 

– Da blir du skutt

I boka «Frå Lærarstriden» frå 1946 skildrar Olav Hoprekstad møtet mellom den nye leiaren Sæther og  redaktør Kåre Norum i Norsk Skuleblad. Da Sæther tok over Lærarlaget, ville han at Norum skulle halde fram som redaktør. Norum svarte at i så fall ville han skrive om møtet på Stortinget 18. juni, der Terboven avsette dei demokratisk valde leiarane i norske organisasjonar.

– Da blir du skoten, sa Sæther.

Norum berre gjekk.

Ved opprettinga av Norsk Lærersamband opphøyrde offisielt lærarorganisasjonane og blada deira.  I staden kom «Den Norske Skole».

 

«Anerkjennes fullt ut av alle skolefolk»

Om vi blar vidare frå nyårsrefleksjonane til  Orvar Sæther i 1945, kjem vi til eit innlegg av «kyrkje- og undervisningsminister» Ragnar Skancke. Innlegget har tittelen «Kirke og skole i året som gikk» og fyller nesten ei og ei halv side.

I innlegget skriv Skancke blant anna at departementet arbeider med realiseringa av Nasjonal Samlings skoleprogram «-et program som anerkjennes fullt ut av alle skolefolk – og som også hele folket er innforstått med», avsluttar Skancke.

Nederst på tredjesida er det berre plass til ein liten omtale av ei omsett tysk bok med norsk tittel «Jeg fulgte Hitler». «Boka er tilegnet bevegelsens helter», skriv anmeldar Magnus Børnes, som meiner boka er interessant, klar og velskriven.

 

Hyllar nazismen

Det er ikkje langt mellom innlegg som hyllar nazismen og det nazistiske styret i utgåvene av Den Norske Skole. Eit døme kan vere det tre sider lange innlegget av rektor John S. Volle med tittelen «Norsk folkeoppseding». «Ikkje få av dei elevar som eg hev havt som gymnaslærar i vel 25 år, ja sume kollegaer med, gløymde so reint ei av sine fyrste plikter som nordmenn at dei ljoshærde gutar av beste norske ætt vraka mang ei gild norsk gjente og gjekk av stad og gifte seg med jødinner, skjemde blodet og førde ulukke over seg sjølv og sitt folk», skriv han her.

Likevel dominerer ikkje den tydelege nazi-propagandaen totalt. Blada har til dømes lange innlegg om norske kunstnarar. Her blir det norske rett nok understreka, men det treng ikkje vere nokon tilknyting til nazistisk ideologi. Eit døme på det er lektor Mathias Borgersens lange artikkel om Edvard Grieg i juninummeret 1943.

 

Song til heimehagen

Matmangelen under krigen kan kanskje ha gjort det lange diktet «En sang til heimehagen», forfatta av signaturen S.B., også trykt i juninummeret 1943, ekstra aktuelt. Men ingenting i diktet spelar på det. I staden konsentrerer forfattaren seg blant anna om å framstille vekselbruk på rim:

Der hvor kålen sto i fjor
Er det fet og fruktbar jord
Der skal vi no røtter ha
Du kan tro de skal bli bra.

 

I slutten kjem hovudpoenget:

 

Kål og røtter svære
Skal vi heim no bære
Men det beste er
hva for livet vi fikk lære.

 

Rett etter dette diktet kjem fire sider frå den namnlause handarbeidskonsulenten, der det med tekst og teikning blir forklart korleis femte- og sjetteklassingar skal gå fram for å klippe til og sy bluser. Blusene skulle ha rynka berestykke og glatt liv.

Det er mange bokomtaler i blada, og langt frå berre av bøker med nazistisk ideologi. I desembernummeret i 1944 får Svale Solheim skryt for «Register til Norsk Folkeminnelags skrifter 1-49.» Solheim, som i 1956 vart professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo, var aktiv i Norges Kommunistiske Parti og tok del i motstandsarbeidet mot nazistane.

 

Ikkje krav om nazisympati

Og så har vi sidene under vignetten «By og bygd». Dette er ein stor bolk i alle utgåvene. Her er det spalte opp og spalte ned med omtaler av lærarar som fyller runde år, får finare jobb eller dør. Vi får vite ting som at ein lærar som tok eksamen på Stord lærarskule i 1894, har vore både lærar og kyrkjesongar, styreleiar i den lokale banken, skolestyreformann i 20 år, og har brukt feriane til å samle soger frå heimbygda.

Det er heilt klårt at det ikkje er noko krav om at læraren skal ha klart uttalte nazisympatiar for å bli omtalte på desse sidene. Eit tydeleg uttrykk for det finn vi på bileta som føljer ein del av omtalane. Lærarar som også har militær bakgrunn, er gjerne avbilda i norsk militæruniform.

Og det skal vi ikkje vere overraska over, ifølgje Rune Ottesen. Han har vore professor i journalistikk ved Oslo Met – Storbyuniversitetet og leiar i Pressehistorisk foreining.

 

Folk trengde informasjon

Grunnen til at Ottesen ikkje er overraska, er at 9. april 1940 hadde landet 260 aviser. I mai 1940 kom 114 av dei framleis ut. Det var dei som ikkje vart stengt, og som hadde akseptert å følgje pålegget om å understreke overfor lesarane at lokale styremakter måtte samarbeide med den lokale tyske kommandanten. Avisene vart underlagt sensur og påbod om propaganda frå okkupasjonsmaktene.

Likevel sto det meir enn reinhekla tysk propaganda i avisene. Og avisene vart lesne. Folk trong informasjon, både om runde år og om praktiske tilhøve, sjølv om avisene var nazifiserte.

– Det kom til dømes stadig nye rasjoneringar av ulike varer, og slikt måtte folk følgje med på. Dessutan måtte dei til dømes lese rubrikkannonsar for å finne ut korleis dei kunne få bytta til seg ting dei trengde, seier Ottesen.

At det kunne vere viktig å lese Den Norske Skolen, ser vi eit godt døme på i januarnummeret 1945. Her står informasjon til evakuerte folkeskolelærarar frå Nord-Troms og Finnmark om korleis dei skal gå fram for å få utbetalt forskot på løn.

 

Eksamensproblemet

Det siste nummeret er datert april 1945. Det største problemet i desse vårdagane er, skal vi tru redaksjonen, eksamensproblemet i den høgare skolen. Dette blir drøfta over dei fem første sidene.

Så sluttar den siste utgåva med fire sider «Bygd og by». Den aller siste som blir omtalt, er lærarinna som tok eksamen ved Tromsø lærarskule, har gjennomgått ikkje mindre enn 10 særkurs og som har vore formann i både sjømannsforeininga, barnefråhaldslaget og sekretær i fråhaldslaget.  

 

Powered by Labrador CMS