Skulemaskina kan vere einaste måte å kome på nett på heime

Debatt: Det er ikkje alle barn som har tilgang til smarttelefon eller andre digitale dingsar heime.

Publisert Sist oppdatert

I media får ein eit inntrykk av at digitalisering av skulen enten er ein konsekvens av ein sterk IKT-industri med einaste formål å tene pengar, eller av kommunar og/eller skuleleiarar som har kasta pengar inn i digitale dingsar for å spare pengar, utan formål eller plan. Vi lærarar blir nærast framstilt som medvitslause statistar, som brikker i eit spel som handlar om økonomi og profitt. Lærarar som går ut i media med andre historier får gjerne mykje peppar, også frå eigne rekker.

Eg har tenkt mykje på kvifor enkelte av oss orkar å stille oss på ein slik uriaspost, igjen og igjen. Så her er min grunn. Eg byrja med 1:1-undervisning med digitale verktøy same år som mitt eldste barn starta på skulen. Samstundes som eg som lærar plutseleg hadde verktøy for å tilpasse for alle elevane, der elevane kunne vere aktive i eiga læring – uavhengig av utfordringar og eventuelle diagnosar, møtte eg som mor den tradisjonelle skulen med eit smell.

For å gjere ei lang historie kort, fekk barnet mitt mot slutten av fjerde trinn diagnosen dysleksi. I starten av første klasse skreiv ho sider opp og sider ned med historier, som ingen, inkludert ho sjølv klarte å lese. Noko som gjorde at ho sjølvsagt slutta å skrive. Når klassa fekk utdelt Chromebooks på femte trinn, fekk ho sjølvsagt også installert hjelpemiddel til hjelp i skriving. For ho var det for det første for seint, ho hadde allereie funne ut av alt ho ikkje kunne (og som ho meinte ho heller aldri ville lære). Det var også uaktuelt for ho å vere einaste elev som brukte hjelpemiddel og høyretelefonar. Difor brukte ho ikkje det. Ho skreiv for hand, på lik linje med alle dei andre elevane, utan at det var nokon suksess.

Sju år med fokus på handskrift har heller ført til at ho verken kan skrive særleg bra for hand eller har lært skrivestrategiar digitalt. Som mor er det sjølvsagt frustrerande å vite kva moglegheiter som ligg tilgjengeleg, utan at det har kome barnet mitt til gode. Sidan eg jobbar med dette sjølv, har eg kunne kompensert heime. Eg veit kva hjelpemiddel og verktøy som finst, og korleis eg best kan hjelpe. Kva då med dei som ikkje kan kompensere heime, som ikkje veit kva rettar dei har eller kva dei skal gjere?

I kommunen vår jobbar vi mykje med førebyggjande plan. Noko av meininga med denne planen er at vi skal førebygge heller enn å behandle symptom. Då må vi tidleg fokusere på universelle tiltak. Vi må gi elevane hjelpemiddel før vi veit at dei treng det. Digitale verktøy er eit gode for alle og essensielt for nokon. Skal vi inkludere elevar med kjende risikofaktorar, må tiltaka setjast inn på alle. Å stigmatisere er ikkje å inkludere, det skaper berre større skilje. Tenk til dømes på alle dei førsteklassingane som no trur at skulen ikkje er noko for dei, fordi dei strevar litt for mykje med finmotorikken eller har litt for mykje uro i kroppen til å forme bokstavar og tal skikkeleg.

Vi har hjelpemiddel til førebygging, kvifor brukar vi dei ikkje?

Det er ikkje berre lære- og åtferdsvanskar vi kan forebygge ved digitale verktøy. Dette gjeld også utanforskap. Det er ikkje alle barn/ungdommar som har tilgang til smarttelefon eller annan digital dings heime. Skulemaskina kan vere einaste måte å kome på nett på heime. Alle har heller ikkje føresette med tid og føresetnad til å lære barna sine opp i bruk og i digital kompetanse og dømmekraft.

Og la det vere klart: Ingen har godt av å bruke digitale verktøy heile tida. God bruk og balanse er viktig. Eg seier ikkje at vi berre skal vere digitale. Gode lærebøker og eit godt utrusta skulebibliotek er særs viktig for alle elevar! 

Avslutningsvis ønsker eg at kunnskapsminister, KrF og andre som ønsker å forby mobiltelefon i grunnskulen eller ta vekk 1:1 skjerm på dei yngste reflekterer litt meir over kva dei foreslår. Eit forbod vil gjelde alt og alle, også god pedagogisk grunna bruk og ikkje minst vil det ramme elevar som treng å bruke mobilen som hjelpemiddel.

Eg stiller meg gjerne på uriaspost. Eg toler det. Elevane våre toler det ikkje! Eg synast det er verkeleg urettferdig at mitt barn skal ha alle moglegheiter fordi eg har kompetansen og ressursane til å kjempe. Kva då med alle andre? Eg brenn for god bruk av digitale verktøy for alle, og mykje på grunn av denne elevgruppa kan eg ikkje sitje stille i båten.

Powered by Labrador CMS