Kalkulator, penn og papir ut av ordskiftet!

Debatt: ChatGPT har eit grunnleggande amerikansk verdisyn, det har ikkje kalkulatoren.

Publisert Sist oppdatert

I ordskiftet om ChatGPT kan vi lese mykje rart, og det minst fruktbare blir repetert ad nauseam (til du blir kvalm). Eg tenker for det første på kalkulator-analogien, som er brukt i nesten kvart einaste teknologioptimistiske innlegg. Motstanden mot ChatGPT blir igjen og igjen samanlikna med motstanden vi hadde mot kalkulatoren, sjølv om det i røynda ikkje er likeverdige hendingar.

Kalkulatoren erstatta ein haug med rutineoperasjonar og ga oss ein snarveg til fasitsvaret. For den som driv med matematikk av eit visst omfang, er det sjølvsagt tidssparande å sleppe å rekne ein haug med små trivielle reknestykke. Det er vel knapt nokon som puggar gongetabellar lenger, men eg går ut frå at ein likevel lærer dei ulike rekneartane for hand. Oppsettet for multiplikasjon, divisjon, addisjon og subtraksjon sit i alle høve klistra hos meg. Uansett har kalkulatoren kome for å bli, men det er og blir ein billeg analogi å samanlikne den med kunstig intelligens og ChatGPT.

Her finn du fleire innlegg i debatten om kunstig intelligens.

Å samanlikne den med ChatGPT, kanskje for å få teknologikritiske stemmer til å verke dumme og reaksjonære, er likevel både nedlatande og som mager retorikk å rekne. ChatGPT går jo laus på sjølve tenkinga vår, og tilbyr med glatt maskinspråk å ferdigstille digitale produkt for oss, tekst som bilete. Fram til no har medieteknologien hatt eit gradvis inntog i liva våre, slik at vi har vent oss til den etter kvart, men den tsunamien av digital disruptiv kraft som ligg i kunstig intelligens, er av ein heilt annan målestokk. Ikkje heilt kalkulator.

Verdisyn

Kalkulatoren har til dømes ingen verdisyn, medan ChatGPT har grenser for kva den kan brukast for og ikkje. Det er eit grunnleggande amerikansk verdisystem, der ingen skal krenkast, eit system der ein for all del må unngå å bli saksøkt for å trakke over formelle eller uformelle normer. ChatGPT vil då drive sensur og sjølvsensur i møte med sjølv kanoniserte tekstar som «A modest proposal» av Jonathan Swift, og «Dekameronen» av Boccaccio.

ChatGPT vil også lyge der den kjem til kort. Då ein lærar utfordra ChatGPT til å kritisere eit anna innlegg eg hadde, vart til dømes kunnskapsminister Tonje Brenna framstilt som «ein kjent AI-ekspert». Det er jo då ikkje heilt tilfelle, men ChatGPT gjekk vel ut frå at å vere «kunnskapsminister» er den øvste ansvarlege for all kunnskap. Kva veit vel eg. Den digitale herre sine vegar er uransaklege. Om vi baserer oss på ein digital og politisk korrekt dialogpartner med flatt språk, som lyg der den manglar kunnskap, endar vi opp med keisame og upålitelege produkt som berre er med å stadfeste status quo, ikkje utfordre.

James Williams er namnet på ein som i si tid var sjefingeniør i Google. Han skreiv i boka «Stand out of our light» at teknologien er i ferd med å ta frå oss lyset. Han braut med det digitale og gjekk heller for filosofi. Ordet idé kjem etymologisk frå det å sjå, so lyset som Williams snakkar om, kan vi og bør vi forstå metaforisk. Han skriv at først vil søkelyset vårt ryke, evna til konsentrasjon. So vil dagslyset vårt bli svekka, evna til å sjå samfunnskonsekvensar av det vi gjer. Til sist vil stjernelyset forsvinne, lyset vi ser opp mot for å finne håp og retning som kan gje livet meining. Tre lag av lysmetaforer, som seier noko om kor vill vi kan gå oss, om vi berre ser på teknologien som eit instrument, og ikkje som ei kraft som utan å spørje om lov grip inn i alle lag av det individuelle og kollektive sjølv.

Når dei mest ihuga teknologientusiastane snakkar om denne krafta, er det som om dei snakkar om den som ei naturgjeven utvikling som vi ikkje kan velje vekk. Det er rett at utviklinga ikkje kan veljast vekk, men korleis eg og du bruker og let oss bruke av denne utviklinga, er opp til oss.

The future is unwritten

Joe Strummer (1952-2002), vokalist i The Clash

Mottoet til Joe Strummer (1952-2002), vokalist i The Clash, var «The future is unwritten», og det gjeld òg for det digitale. Vi kan skrive framtida vår, den er faktisk ikkje gitt. Eg trudde at den digitale verda var tvers skjebnebestemt forhold til framtida. I røynda kan vi stå opp i morgon og gjere noko heilt anna enn vi gjorde i dag. Det enkle poenget er uansett: slutt å snakk om kalkulatorar, grav litt djupare i verkemidla om du har noko å seie om ChatGPT og kunstig intelligens.

Tilbake til blyant og papir?

Dei som ikkje snakkar om kalkulatorar, er dei som i fullt alvor vil bruke den situasjonen vi er i som argument for å vende tilbake til å bruke blyant og papir i vurderingssituasjonar. Eg er sjeleglad for laptoppar og tekstbehandlingsprogram, slik at eg som norsklærar slepp å føle meg som ein egyptolog som skal avkode eroderte skriftteikn på ein gammal pyramidevegg.

At nokon vil tilbake til den gamle stilbunken og skriftleg eksamen med gjennomslagspapir er kanskje det mest arkaiske bidraget til heile debatten. Sjølv for tjue år sidan var det eit mindretal som hadde ei funksjonell og leseleg handskrift, og det å kunne kladde og føre inn som same operasjon er det vel eigentleg ingen som vil gje slepp på. Eg vel å tolke det som eit skrik av frustrasjon meir enn eit reelt saksinnlegg, men for all del, meiner du at blyant og papir er vegen, må du gjerne argumentere for det. Inntil vidare er det like lite givande som kalkulator-analogien. Om dette gnålet om kalkulatorar og blyant og papir gir seg, kan vi kanskje ha ein meiningsfull debatt om kunstig intelligens og ChatGPT.

Med ChatGPT i fri flyt er eg stygt redd for at vi berre får fleire ord og færre innsikter.

Roar Ulvestad

Det at folk forstår og tek del i det offentlege ordskiftet med eigne krefter er det som gjer heile ordskiftet interessant. Med ChatGPT i fri flyt er eg stygt redd for at vi berre får fleire ord og færre innsikter. Enn so lenge meiner eg at om ChatGPT skal passe inn i vårt demokratiske prosjekt, kan vi ikkje berre slå opp dørene kvar gong den digitale storkapitalen rullar fram ein framoverlent og robust innovasjon. (Ironivarsel) Då kjenner eg synergieffektane blande seg med magesyra i ein heftig digital reflux. Lesing, tenking, dialog og skriving er pilarar i danningsoppdraget. Vi treng ikkje ChatGPT for å styrke desse pilarane, men vi treng gode pilarar for å takle kunstig intelligens. Og kanskje Titralac.

Powered by Labrador CMS