Fire år gamle Thea Othelie (4) får hjelpa mormor Ellen Sjøvoll med å finna fram ymse typar strikkegarn i butikken og jamvel ta imot betaling frå kundar.

Bømlo er hardt ramma av streiken:
Thea (4) er med mormor på jobb i garnbutikken

Mange kreative løysingar for barnepass dukkar opp i Bømlo kommune for tida. I denne kommunen, som har berre private barnehagar, er seks av i alt åtte heilt eller delvis stengde.

Publisert

Til vanleg går fire år gamle Thea Othelie i Espira Salamonskogen barnehage. Den siste veka har dette tilbodet vore borte på grunn av streik. Men Thea Othelie er så heldig å ha ei mormor som driv eigen garnbutikk like i nærleiken.

For eit par år sidan starta Ellen Sjøvoll butikk i eit nyreist grindabygg heime på tunet. Butikken held ope to gonger i veka. Her har barnebarnet fått høve til ein tidleg forsmak på yrkeslivet. Fire år gamle Thea Othelie fekk hjelpa mormor med å finna fram ymse typar strikkegarn til kundar. Ho fekk jamvel ta imot betaling.

– Det har gått fint. Thea Othelie kan gå litt mellom meg i butikken og morfaren som skrur og mekkar i garasjen når han er heime i friperiodar frå jobben offshore, seier Ellen Sjøvoll.

Les også: Å undergrave pensjon, er å undergrave profesjon

Denne dagen er ho ekstra travel med førebuing av ymse varer og ferdige strikkeprodukt til ei messe ho skal delta i gjennom helga.

– Me må vera kreative og finna gode løysingar, veke for veke, seier Isabel Grønås.

Ho er mor til Thea Othelie og til veslebror hennar Theo Noel, som er to år gamal. Sjølv har Grønås jobb i eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma. Der går ho i turnus og må mellom anna på jobb tredje kvar helg. Sambuaren hennar er malar, eit yrke som vanskeleg let seg kombinera med barnepass.

Søndag kom Isabel sine svigerforeldre køyrande over fjellet frå Rælingen i Akershus.

– Dermed er barnepass sikra for komande veke, seier Isabel Grønås.

Dei streikande går i demonstrasjonstog ein tidleg føremiddag gjennom kommunesenteret i Bømlo. Frå venstre: Aud Elisabeth Halleraker, Cecilie Alvsvåg, Ingunn Vespestad, Sissel Grindheim og Hildegunn Andal.

Meir enn 100 i streik

I Bømlo kommune med vel 12 000 innbyggjarar finst åtte barnehagar, ingen av desse er kommunale. Fem barnehagar tilhøyrer kjeda Espira. Ved alle Espira-barnehagane er dei fleste tilsette tekne ut i streik. Den sjette streikeramma barnehagen i Bømlo er Maurtua barnehage. Dette er ein uavhengig foreldre-eigd barnehage og er størst i Bømlo med 170 born fordelt på ni avdelingar.

Meir enn hundre barnehage-tilsette i Bømlo er nå ute i streik. 41 av dei streikande er medlemmer i Utdanningsforbundet medan rundt 60 streikande tilhøyrer Fagforbundet.

Ved porten til Espira Salamonskogen barnehage, som ligg like ved kommunesenteret Svortland, blir me møtt av to streikevakter. Yr i lufta kombinert med sur og kjølande vind har ført til at dei to på vakt, Linn Sjøvoll Torkildsen og Anne Sæverud Alvsvåg, har tulla kvart sitt pledd rundt seg.

Med far på jobb

– Førebels går det greitt å halda varmen, seier dei to etter ein halv time på vakt. To timar står framleis att.

Begge erklærer at dei er klare til å stå på og motiverte for å kjempa, sjølv om kampen skulle bli langvarig.

– Det er beklageleg at streiken rammar så hardt hos tredje part. Men vår kamp er rettferdig. Ei betre pensjonsordning er verdt å slåst for, seier Alvsvåg.

Torkildsen legg til at alle foreldre, som dei møter her ved porten, utrykker sympati og støtte. Torkildsen fortel vidare at som foreldre blir dei sjølve ramma av streiken. Sonen hennar på tre år måtte denne dagen bli med far sin på jobb i Bømlo kulturhus.

Minimal bemanning

Heine Larsen er styrar i Espira Salamonskogen barnehage. Som medlem i fagforeininga Lederne er han ikkje teken ut i streik. Styraren møter oss i porten ved sida av streikevaktene. Larsen kan fortelja at to avdelingar kjem til å halda ope i komande veke.

Dei streikande må mellom øktene på streikevakt også syta for barnepass av eigne streikeramma barnehagebarn. Frå venstre i mødre-rekka: Lene Kloven, Tove Agasøster Korneliussen og Fylkesnes. I fremste rekke frå venstre: Ole Kloven Søvik, Nora Hoffgård og Solveig Eidet.

– Me vil veksla mellom å halda ope to småbarnsavdelingar eller berre ei småbarnsavdeling saman med ei avdeling for dei eldste barna, dei som nærmar seg skulealder og tilhøyrer avdelinga Skulespire.

Men Larsen understrekar at tilbodet dei næraste dagane blir svært sårbart med minimal bemanning.

– Eit sjukdomsfråvær mellom dei tilsette kan velta heile korthuset, seier Heine Larsen.

Les også: Statsforvalterne skal se på konsekvensene av barnehagestreiken

Første gong i streik

Ingen av Utdanningsforbundet sine medlemmer i Bømlo-barnehagane har vore i streik tidlegare. Karine Nesse, som er leiar i Utdanningsforbundet i Bømlo, seier at dei treng litt tid til å få på plass alt som skal til i ein streik. Lokallaget har fått starthjelp dei første dagane frå Solfrid Furre, som er medlem av fylkesstyret i Vestland.

Midt i kommunesenteret Svortland, i nokre tomme forretningslokale, har Utdanningsforbundet opna streikekafé. Her kjem dei innom, dei streikande som ikkje er på vakt. Nokre steikjer vaflar eller kokar kaffi, medan andre er opptekne med å teikna plakatar. Desse skal nyttast i den store markeringa som skal haldast i Bergen på måndag. Dette blir ei felles markering for medlemmer av Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Delta.

Streikekaféen er også utgangspunkt for spontane markeringar rundt i kommunesenteret. Tidleg på morgonen gjekk ei gruppe streikande i demonstrasjonstog gjennom sentrum med hovudparaola, «For ein anstendig pensjon».

Ved lunsjtid gjer tre av dei streikande eit nytt stunt gjennom hovudgata med plakatane og bodskapen høgt heva.

Karine Nesse, leiar i Utdanningsforbundet i Bømlo, inviterer til streikekafé.

Med barna på heimekontor

I barnehagen, Maurtua, vil tre av i alt ni avdelingar halda ope i veka som kjem. Veronica Gjerde er medlem i foreldreutvalet til denne barnehagen og har sjølv to barn på høvesvis fire og halvtanna år, som begge har plass her. I denne siste veka har barnehagetilbodet vore tilgjengeleg berre enkelte dagar for hennar barn. Dei andre dagane må barna vera heime hos mor. Ho prøver samtidig å jobba mest mogeleg effektivt frå heimekontor. Far til barna er sjømann og er borte på jobb tre veker i slengen.

– I praksis hopar arbeidsoppgåvene seg opp til kveldstid etter at barna har lagt seg. Sjølv om det er streik i barnehagen, er arbeidsmengda som eg må ta meg av den same som før, seier Gjerde, Ho er tilsett i skipsserviceselskapet Wärtsilä.

I komande veke lyt ho også kombinera heimekontor med barnepass fleire dagar. Men ho håpar å få litt hjelp av besteforeldre.

– Nokre timar med høve til full konsentrasjon om jobben vil vera til stor nytte, seier Veronica Gjerde.

Powered by Labrador CMS