Arbeidarpartiet vil ha fleire eittåringar i barnehagen, og dette er detn dyraste posten på partiets alternative statsbudsjett. Arkivfoto: Utdanning
Arbeidarpartiet vil ha fleire eittåringar i barnehagen, og dette er detn dyraste posten på partiets alternative statsbudsjett. Arkivfoto: Utdanning

Arbeidarpartiet vil ha fleire eittåringar i barnehagen

Den største posten på Arbeidarpartiet sitt i alternative statsbudsjett er 200 millionar som skal gi barnehageplass til eittåringar født før nyttår.

Publisert

Denne auken i rett til barnehageplass vil krevje fleire plassar. Dei 200 millionane skal nyttast til å byggje desse plassane, heiter det i teksten til budsjettet.

– Men dette tyder også at barnehagane vil trenge ledige plassar i tida frå august og til jul. Vil dei få finansiering til det?

– Eg ser ikkje noko problem med at det er litt roleg i barnehagane fram til jul. Vi må ha ein buffer, og den må barnehagane få finansiert. Korleis dette skal ordnast må kommunane vere med og finne ut av, seier nestleiar i Arbeidarpartiet Trond Giske til Utdanning.

 

– Byggjer opp til bemanningsnorm

Vidare vil Arbeidarpartiet forsere regjeringa sine planar om bemanningsnorm i barnehagane. Dette vil dei bruke 100 millionar på.

– Kvifor har de så dårleg tid på dette punktet?

– Fordi vi må byggje oss gradvis opp til at bemanningsnorma blir gjeldande i 2020. Om vi ikkje førebur dette betre enn det regjeringa legg opp til, rekk vi det ikkje.

For grunnskolen er det dyraste tiltaket å gjenninnføre dei 600 lærarstillingane i ungdomsskolen som regjeringa har kutta. Dette står oppført med ein kostnad på 169.3 millionar i det alternativet budsjettet for 2017.

– Det er i praksis berre eit halvårsbudsjett. På årsbasis må vi doble, seier Giske.

– I alt legg vi opp til å bruke ein milliard meir på lærarar enn det regjeringa legg opp til. Vi vil, som dei, ha fleire lærarar tidleg i skoleløpet. Men i motsetnad til dei vil vi ikkje finansiere dette ved å kutte lærarar i ungdomsskolen. I alle fall ikkje før dei elevane som har fått nytte av den auka innsatsen i småskolen har begynt i ungdomsskolen, seier han.

 

– Vil ansvarleggjere skoleeigar

Dessutan vil Arbeidarpartiet bruke 104 millionar på ein lese–skrive og reknegaranti. Alle barn skal vere garantert å kunne lese, skrive og rekne når dei går ut andre klasse, og de skal vere sikra den hjelpa dei treng til det. Argumentet er at dei som slit med å lese, skrive og rekne er svært utsette for å falle ut av skolen seinare.

– Korleis skal dette fungere i praksis?

– Ved at skoleeigar må sørgje for at alle får den hjelpa dei treng. Dei som treng ekstra hjelp, som ein til ein– undervising eller spesialpedagogikk, dei skal få det.

– Dette har de gjort framlegg om fleire gonger før, utan å få gjennomslag. Kvifor prøve igjen?

– Vi gjekk til val på dette både i 2013 og i 2015, og vi har hatt det oppe i Stortinget fleire gonger. Grunnen er at vi vil ansvarleggjere skoleeigar. Regjeringa vil forsterke lovkravet til den einskilde lærar. Vi vil i staden forsterke kravet til skoleeigar, seier Giske, og held fram:

– Etter siste kommuneval har Arbeidarparti–kommunar starta arbeidet med dette lokalt. Men skal det bli ei god ordning må staten følgje opp, seier han.

– Garantiar har vore brukt i fleire andre samanhengar, ikkje minst i helsevesenet. Har resultatet alltid vore godt?

– Oppfølginga av garantien har ikkje alltid vore god. Men garantien har gitt merksemd til eit problem, seier Trond Giske.

 

Powered by Labrador CMS