Tre nøtter til Stortinget

Debatt: Tilsette i skule og barnehage jobbar og slit for å ivareta samfunnsmandatet, men strikken er i ferd med å ryka mange stader.

Publisert

 Jula er tid for refleksjon og ettertanke, og snart er me klare for eit nytt år. 2024 ligg føre oss med blanke ark, og ikkje så reint få utfordringar på ei rekke område i samfunnet.

Om nøttene er i form av utfordingar eller håp og forslag til løysingar, nesten som eit kinderegg, kan vera opp til lesaren å definera.

Men dei er tenkt som håp for framtida og idear til løysingar for dei som sit med ansvar og nøkkelen til dei fleste samfunnsutfordingar; politikarane me har valt til å representera oss på Stortinget. Halvvegs i stortingsperioden kan det kanskje trengast litt ekstra «fuel» for å få fart på sakene.

 Eg håpar verkeleg 2024 vil vera året me ser ei endring.

Eg håpar me i 2024 vil få eit tverrpolitisk fokus på å finna løysingar på situasjonen i barnehage og skule. Bemanninga er kritisk, så me må saman finna løysingar som gjer at me greier å behalda dei tilsette me har i sektoren, og ikkje minst greier å rekruttera nye.

I tillegg til eit samla storting, håpar eg NHO, LO, KS, Unio og andre store samfunnsaktørar samlar seg om at å satsa god utdanning , og ser på dette som ei investering i framtida for landet vårt. At fokuset blir at kvalitet i barnehage og skule er nøkkelen for å møta samfunnsutfordringar, ikkje ein utgiftspost som kan kuttast i år etter år. For sjølv om det kan vera slik, det er ikkje magi ein driv med i barnehage og skule. Det er ikkje slik at uansett rammer, blir tilbodet til barnets beste. Dei tilsette jobbar og slit kvar dag for å ivareta samfunnsmandatet, men strikken er i ferd med å ryka mange stader. Når rektorar må velga kva lov dei skal bryta og barnehagar må stenga grunna låg bemanning, er det alvor.

Løn rekrutterer i alle yrke

I tillegg til auka grunnbemanning, veit me at løn rekrutterer i alle yrke, og for oss som jobbar i barnehage og skule. Det må visa att i vårens tariffoppgjer. Det håpar eg ikkje berre er Unio sitt fokus, men at andre samfunnsaktørar løftar blikket og ser at det er naudsynt å løysa krisa i barnehage og skule innanfor det systemet me har; til samfunnet sitt beste.

Og kvifor skal føresette, politikarar og samfunnsaktørar bry seg om dette no når me hadde det så koselig?

Grunnen er at viss me saman tør å satsa på barnehage og skule, vil me spara stort på sikt. Me veit alle at NAV sine utgifter til ulike ytingar skyt i veret. Det er ikkje berekraftig i lengda. Og det er billigare å førebygga enn å reparera. Difor må det satsast på barnehage og skule. Me må sjå ei satsing i revidert budsjett for å kunna implementera ny opplæringslov, me må sjå satsinga i hovudtariffoppgjeret til våren, og me må sjå ei satsing i statsbudsjettet for 2025, for å nemna nokre høve til å satsa for dei som sit med ansvaret.

Utanforskap er eit samfunnsproblem som ikkje berre trist for den enkelte, men det er ei sjukdomsteikn på samfunnet vårt. Å inkludera fleire i fellesskapet, både i arbeidsliv og fritid er god samfunnsøkonomi. Me treng arbeidskrafta, helsevesenet vil få reduserte utgifter og frigir kapasitet til andre lidingar. Og ikkje minst er det viktig for demokratiet vårt å hindra utanforskap. Me har både i eige land og elles i verda sett kva utanforskap kan føra til, mellom anna terrorhandlingar.

Demokratia rundt oss er trua. Trur me at det same ikkje kan skje hos oss ? Då er me i tilfelle svært naive. Å hindra utanforskap, og å satsa på god utdanning er viktig for å unngå at det skjer. Å bygga demokratisk beredskap, er difor ei viktig oppgåve for barnhage og skule framover. Det krev kompetanse og nok lærarar slik at ein ser den enkelte, og kan følga utviklinga. Å kjenna at ein høyrer til er den beste medisinen som fins mot utanforskap og ekstremisme. Å høyra til erfarer ein i barnehagen og skulen.

Reager før det er for seint

Historisk sett har skule og utdanning hatt ein sterk plass i samfunnet i Noreg, mellom anna i attreisinga etter krigen. Lærarane hadde høg status, og ein kunne etter kvart ta lærarutdanning over heile landet. På den måten vart utdanning eit offentleg fellesgode, uansett kor i landet ein budde. Lærarmangel og nedbygging av lærarutdanningane i distrikta me no ser, er å gå baklengs inn i framtida slik eg ser det. Eg håpar det vert reagert før det er for seint.

Mitt ynskje er difor at me saman kan gå rett veg inn i framtida, og at 2024 vert året me ser attende på som året då ord vart sett ut i handling og prioriteringar av god utdanning vart gjort for å ha eit langsiktig perspektiv på Noreg i framtida. Det vil me alle nyta godt av!

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS