Foreldrerepresentanane kranglar meir med kvarandre

Medlem i foreldreutval i skolen ber om hjelp til å løyse interne konfliktar.

Publisert

I fjor fekk Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) 108 henvendingar om konfliktar i arbeidsutvala for foreldre i skolen (FAU). Det er 27 prosent av alle henvendingane som Fug fekk.

Sjølv om det har vore spørsmål knytta til slike konfliktar før, er dette ein tydeleg auke. FUG-leiar Marius Chramer er sterkt uroar.

– FAU skal vere eit samlande organ som fremjer fellesinteressene i skolen til beste for elevane, seier han i ei pressemelding.

Les også: Foreldre ventar på rettleiar for heimeskole

Skakkkjørt dialog

Konfliktane dreier seg om val i FAU, gjennomføring av møte eller uvisse rundt verva. Mistillitsforslag, skakkjørt dialog mellom FAU-leiar og nestleiar og FAU-leiarar som kjører sololøp, er døme på stridstema.

Marius Chramer er overraska over dei mange og harde konfliktane. Men han meiner det ofte botnar i manglande opplæring og oppfølging frå skole og rektor.

– Dei tillitsvalde veit rett og slett ikkje kva det vil seie å vere representant i FAU. Ein klarer ikkje å skilje sak og person, seier han.

Difor vil FUG ha eit tydelegare rammeverk for skoledemokratiet.

– Det er ikkje nok å behalde rådsorgana i lova - vi må styrke dei, seier Marius Chramer.

Dårleg dialog

Konfliktar i FAU ligg på andreplass på lista over problem som foreldre kontaktar FUG om. Fast plass på toppen år etter år har dårleg dialog mellom skole og heim. Men i 2020 kom dette temaet berre så vidt over konfliktar i FAU på statistikken. 28 prosent spurte om dette. I 2019 var 44 prosent av henvendingane om dårleg dialog.

Les også: Mener alle videregående skoler burde ha FAU

2019 var eit toppår for henvendingar i FUG. Da fekk dei 584 henvendingar, som var ei kraftig auke frå året før. I 2020 ga FUG råd i 480 saker. Det er som normalen før fjoråret. Så koronasituasjonen har ikkje ført til at fleire har tatt kontakt.

Powered by Labrador CMS