Å vere lærar i møte med barn sine liv på sosiale plattformer

Debatt: Ungar greier ikkje sjølve å legge vekk telefonen, det er det dei vaksne som må avgjere.

Publisert

Dei fleste av oss har hatt ein lærar som har fått innverknad for kva utdanning og yrke vi har valt og korleis det har gått oss i livet. Dei fleste lærarar har vald yrket ut frå at dei er opptekne av barn og unge, relasjonar og læring.

Mange beskriv no kor utfordrande er det å skulle sikre elevane eit godt læringsutbytte samstundes som dei skal greie å gje emosjonell støtte til alle dei elevane som treng dette og som har med seg vonde opplevingar frå nettet frå kvelden før.

Barn og unge har ein mykje meir kompleks og utfordrande kvardag enn berre for nokre år sidan. Bruken av sosiale plattformer i ung alder har auka formidabelt, og ingen er lenger i tvil om at dette påverkar psykisk helse for stadig yngre.

Barn i alderen 9-13 år beskriv at dei kan få trakasserande meldingar på Snapchat døgnet rundt. Mobbing har vi hatt til alle tider. Det som har endra seg, er at når du vart utsett for dytt og kommentarar, så kunne du ofte kome deg trygt innom dørene heime og få fri der for forfølgjarane dine. Nå følgjer kommentarane på telefonen med deg inn i heimen gjennom kvelden og natta.

Mange ungar beskriv at dei aldri « slepp fri», dei blir utestengde, valt ut som den minst likte og får kommentarar om at dei er «stygge», «dumme», at «ingen vil vere ven med deg» og at «du er så feit at du ikkje kjem gjennom døra». Så blir det vanskeleg på skulen dagen etter fordi du møter att dei som stengde deg ute og kommenterte deg kvelden før. Du treng vaksne på skulen som hjelp deg, det er vanskeleg å tenkje på det å lære fag akkurat da. Så står ofte læraren der og skal starte ei klasse som skal lære om det å bruke verb i rett form. Om eg ikkje med eigne auge har sett kva barn i alderen 9 til 13 år kan skrive til kvarandre på Snapchat og legge ut av bilete, ville eg aldri ha trudd det !

Kva gjer vi ?

Snapchat-eigarane seier at ungar under 13 år ikkje skal ha tilgang til plattforma. Det er føresette som har ansvaret for å ha kontrollen over dette. Når eg pratar ved ungane som har Snapchat, seier dei at dei set ein alder som er mykje høgare på profilen sin. Mange seier at dette er noko ikkje foreldra deira veit om.

Ungane beskriv kor vanskeleg det med Snapchat er og dei ber oss vaksne om hjelp for dei greier ikkje å handtere dette sjølve. Medietilsynet spurde nyleg føresette om årsaka til at så mange 9 og 10 åringar hadde eigen telefon med så fri tilgang til nettet og sosiale plattformer. Svaret var at dei elles frykta at deira unge vart sette utanfor av andre.

Førre veke gav ungdomar frå Innlandet råd til statsforvaltaren i Innlandet, Knut Storberget, og barne- og familieminister Kjersti Toppe om påverknad og bruk av sosiale media. Dei unge seier at sosiale plattformer og mobilen er ein del av dei fleste sitt liv og at mykje er positivt med det.

Les også: Sjelden alene, ofte ensom

Men ungar greier ikkje sjølve å legge vekk telefonen, det er det dei vaksne som må avgjere. Dei seier at sosiale media gjer det lett å stengje ute andre i det skjulte og at det startar i barneskulen. Føresette, lærarar og andre vaksne kjem for seint inn og for få vaksne skjøner godt nok kva dette handlar om. Dei seier at fokus på dette må starte tidlegare i barneskulen og at vaksne må skaffe seg kompetanse.

Utanforskap og einsemd

Sosiale media aukar trykket på det å samanlikne seg med andre og forsterkar kjensla av utanforskap og einsemd. Ei jente på 18 år beskriv at ho har fått barndomen sin fråteken av Tik Tok, Instagram og Snapchat, og seier: «Innfør ei aldersgrense, vær så snill!»

Eg trur på at lærarane framleis må stå i front i det å handtere dei utfordringane elevane har med seg inn i skuledagen. Men dei må ha eit lag saman med seg som er med på å skape heilheit og samanheng for ungane.

Eit slikt lag må bestå av lærarar, føresette, fritidsleiarar, helsesjukepleiarar, skolepsykologar, barnevern, politi, elevlosar, miljøarbeidarar, bibliotekarar, naboar, vener og kjente som saman er opptekne av å skape gode og trygge lærings- og oppvekstmiljø for ungane. Eit arbeidsgrunnlag alle bør vere samde om, er «Saman er vi sterke» og det afrikanske ordtaket: «Det trengs ein landsby for å oppdra eit barn».

* Dette innlegget ble først publisert i Dølen 16. mars 2023.

Powered by Labrador CMS