Alle russiske skuleelevar skal frå og med neste skuleår lære å håndtere skytevåpen.

Grunnleggjande militæropplæring vert obligatorisk i russisk skule

Våpentrening kjem på timeplanen i alle russiske skular neste skuleår.

Publisert

Opplysningsminister Sergej Kravtsov stadfestar at opplæringsprogrammet «Grunnleggjande militæropplæring» vert innført som ein del av den obligatoriske undervisninga frå og med skulestart 1. september 2023.

Ifølgje nyhendebyrået RIA Novosti skal elevane mellom anna lære marsjering, bruk av skytevåpen og handgranat. Dessutan skal dei eldste elevane lære om samhandling mellom ulike våpengreiner i kamp, oppbygging av stridsvognavdelingar, ingeniørutstyr for soldatar og skytestillingar. Ifølgje ministeren skal dei endelege planane vere ferdige til nyttår.

Grunnleggjande militæropplæring var eit eige skulefag i Sovjetunionen. I haust foreslo fleire politikarar i begge kammera i nasjonalforsamlinga å innføre undervisning i dette på nytt, og det vart støtta både i Opplysningsdepartementet og Forsvarsdepartementet.

Ifølgje avisa Vedomosti foreslår Opplysningsdepartementet at «Grunnleggjande militær opplæring» skal omfatte til saman 335 timar, anten fordelt på årstrinna 5.-9. eller på dei to øverste trinna 10.-11. Eit alternativt program er retta inn mot marinen, med 174 timar på 5.-9. trinn og 69 på 10.-11.

Powered by Labrador CMS