– Programmering må inn i fag som naturfag, matematikk, musikk og fleire valfag, seier prosjektleiar Herdis Moldøen i Lær Kidsa Koding. Foto: Pixabay
– Programmering må inn i fag som naturfag, matematikk, musikk og fleire valfag, seier prosjektleiar Herdis Moldøen i Lær Kidsa Koding. Foto: Pixabay

Undervisning i koding må bli viktigare, meiner foreldre

– Skolen har ansvar for at teknisk kompetanse går hand i hand med juridisk og etisk modning, seier far til elev som hacka Bergen kommune.

Publisert   Sist oppdatert

Den da tolv år gamle sonen til Dag Hellesund lasta i fjor ned brukarnamn og kodeord til 35 000 lærarar og elevar i Bergen. Informasjonen låg ope på nettet.

Guten hadde forsøkt varsle kommunen om dette, utan å få respons. Men da nedlastinga vart oppdaga fekk familien stova full av politi.

Nå har Bergen kommune trekt politimeldinga og orsaka aksjonen.

Familien var sist veke på Stortinget i Oslo, invitert av stortingsrepresentant Grunde Almeland (V).

– Vi treng at fleire får brukt slike evner som 13-åringen har, seier Almeland til NRK.

– Programmering må inn i fag som naturfag, matematikk, musikk og fleire valfag, seier prosjektleiar Herdis Moldøen i Lær Kidsa Koding til NRK. Organisasjonen vil ha dette inn i dei nye læreplanane.

Også foreldra til den nå 13 år gamle guten, Kristine Petersen og Dag Hellesund ,håpar saka deira kan bidra til at koding og programmering får ein viktigare plass i norsk skole.