Dei som går ut i år vil truleg få eit høgare snitt enn dei som må søkje med vitnemål frå i fjor.

2020-russen kan vinne utdanningskappløpet

Ungdommar som har venta med høgare utdanning eit år eller to etter vidaregåande er nå redde russen frå i år vil vinne tevlinga om studieplassane.

Publisert Sist oppdatert

– Det kjennest som eg blir straffa for å ha gått på folkehøgskule. Hadde eg søkt i fjor, så hadde eg jo kome inn, seier Frida Midtmageli (20) til NRK. Ho ønskjer å studere psykologi i Tromsø.

Bakgrunnen er at dei som er ferdige med vidaregåande i år søkjer plass i høgare utdanning utan eksamenskarakter. Dei søkjer berre med standpunktkarakter.

Standpunktkarakterane er i gjennomsnitt høgare enn eksamenskarakterane. I norsk hovudmål til kullet som gjekk ut i fjor låg i snitt på 3,8. På eksamen var han 3,4. I realfagleg matematikk på Vg3 var standpunktkarakteren i snitt 4,2. På eksamen var han 3,6, ifølgen NRK.

Slik vil dei som går ut i år truleg få eit høgare snitt enn dei som må søkje med vitnemål frå i fjor.

Seniorforskar Elisabeth Hovdhaugen ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), meiner at opptakssystemet burde justerast i år. Ho foreslår at eksamenskarakterane fell bort i 2020 for alle dei tre kulla som søker med fyrstegongsvitnemålet.

Men elev Tuva Hagland ved Langhaugen skole i Bergen minner om at det ikkje vil vere rettferdig for dei som har høgare eksamenskarakter enn standpunktkarakter. Medelev Brage Dyrset trekk fram ulempene med heimeskole, og meiner det veg opp for fordelen ved å ikkje ha eksamen. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier dei har vurdert forslaget om endring i søkjegrunnlaget, men kom fram til at søknadsprosessen skal gå sin vante gang.

Powered by Labrador CMS