Heller låne enn kjøpe nytt! John Kristian Hansen (t.v.) har klistra logofargane på augebryna, medan Marko Angelovski, Milion Melake og Håvard O. Tombre har utforma logoen til låneappen på pc, mobil og teikning på papir. Foto: Ingebjørg Jensen

Elevar foreslår ein låneapp for dei med eingongsbehov eller dårleg råd

Fire elevar frå Laksevåg vidaregåande skule trur dei har funne løysinga for dei med eingongsbehov eller dårleg råd: Ein låneapp.

Under gamle bjelkar på Bryggen i Bergen sit elevane gruppevis og vrir hjernecellene for å få til gode løysingar på matsvinn, overforbruk og forureining – lokalt. Snart skal også fingrane jobbe: Dei skal lage ein enkel modell, eller ein logo, å vise fram for medelevar, lærarar og dei to kursleiarane; designar og kaospilot Silje Grastveit frå Impact Hub og pedagog Agnes Tvinnereim.

Denne reportasjen finner du også i Utdanning nr. 1/2018

Denne hausten har 100 elevar i vidaregåande skule frå Laksevåg, Årstad og Nordahl Grieg vidaregåande skular vore med i «Framtidspiloten». Det er eit samarbeid mellom Raftostiftelsen, Impact Hub og Bærekraftige liv, støtta av Kavlifondet. Eitt mål er at når kurset er slutt, skal elevane tydelegare sjå koplinga mellom klimaendringar, forbruk og menneskerettar.

 

 

Koplar miljø og menneskerettar

– Vitsen med at elevane i dag skal lage prototypar, det vil seie enkle modellar, er å bli kjend med metoden ein brukar for å forstå eit problem så djupt ein kan. Dei skal høyre med målgruppa om det er relevant, sjå om dei får det til, gå tilbake til ideen, og deretter få alle rundt til å forstå ideen, seier Agnes Tvinnereim. Ho er tidlegare lærar og tok initiativet til Bærekraftige Liv, som no har 25 avleggjarar over heile landet.

Ideen til «Framtidspiloten» vaks fram etter at miljø- og menneskerettsforkjemparen Nnimmo Bassey frå Nigeria fekk Raftoprisen i 2012. Då starta Raftostiftelsen arbeidet med å lage eit undervisningsopplegg med desse koplingane. Tvinnereim og Grastveit blei med.

Før elevane kjem til verkstaden på Bryggen i slutten av november, har mykje skjedd. Først blei lærarane kursa. Så kom elevane til Raftohuset og «Handel & vandel- undervisning om klima, forbruk og menneskerettar», med rollespel om koplinga mellom klima og menneskerettar. På kvar skule har Tvinnereim og Grastveit halde framtidsverkstad med idédugnad for å finne løysingar på klima- og miljøproblem. I desember blir kurset avrunda med Nnimmo Bassey som foredragshaldar.

 

Låne, ikkje kjøpe

– I staden for å kjøpe ei motorsag som du kanskje berre brukar ein gong i året, eller om du treng sko til ein sjeldan bedriftsfotballkamp, kan du låne, seier John Kristian Hansen, ein av dei fire i gruppe 3 som jobbar med temaet overforbruk.

– Fleire her tenker at ein app er det som skal til. Må det vere ein app?

– Det er den lettaste måten å nå folk. Mobilen har dei jo på seg heile tida. Om du bankar på hos naboane, er det ikkje sikkert dei har det du spør etter, seier Håvard O. Tombre.

Appen skal innehalde pris og kilometeravstand mellom låntakar og utlånar. Diskusjonen går rundt bordet: Skal appen vere gratis? Abonnement? 50 kroner for å få tilgang til alle tilbod, eller skal kunden kunne velje å bli premiebrukar og betale seg fram i køen?

 

Rollespel om å flykte frå eit stigande hav

Samanhengen mellom klima og menneskerettar blei svært tydelege for elevane då dei i starten var på Raftohuset og spela rollespel om menneske som flyktar frå øysamfunnet sitt på grunn av ekstremvêr og havstiging. Men ved grensa til grannelandet blir dei fengsla fordi klimaflyktningar ikkje har vern i FN sin flyktningkonvensjon.

Men når vi møter elevane, er all merksemd retta mot lokale løysingar. Dei blir først litt usikre når Utdanning spør kva overforbruket har å gjere med menneskerettane:

– Eg lurer sjølv på det. Men det er jo dårleg for miljøet at vi heile tida kjøper nye ting, og øydelegg vi klimaet blir det vanskeleg å halde oppe menneskerettane, seier Håvard.

Gruppe 6 har grubla ut ein ny sykkelmodell, tilpassa surt bergensvêr. Den skal vere tilgjengeleg i stasjonar med brukte syklar, i granne- eller burettslag.

– Med el-driven overbygd sykkel blir dei ikkje sveitte, og med tak blir dei ikkje våte!, seier Joachim Sæle Westrheim, medan Tira Staalesen flettar sykkel av pipereinsarar.

– Eg ville brukt ein slik sykkel! kjem det frå fleire av medelevane etter presentasjonen.

Då alle 100 elevane blei samla i eitt avrundingsmøte nokre dagar seinare, representerte den overbygde sykkelen Laksevåg.

 

– Viser nytta av å gjere noko

Entusiastiske lærarar som får med seg klassen, er avgjerande for «Framtidspiloten».

For lærar i geofag, Kari Søfteland, var det naturleg å bli med. Ho og fem andre realfagslærarar på Laksevåg vidaregåande skule har i fleire år skipa til elevkonferansen «Felles framtid», mellom anna med folk frå Raftostiftelsen og «Bærekraftige liv». Ho har studert universitetsfaget «samfunnsfagleg og naturfagleg perspektiv på bærekraftig utvikling», og har tatt elevane med til forelesingane både på universitetet, VilVite-senteret og Bjerknessenteret.

 – Det er godt å kome ut av klasserommet og sjå kor kreative elevane kan vere, og føre det fram til eit sluttprodukt. Dei er flinke til å vise at det nyttar å gjere noko, og eg veit dei fortel det vidare!, seier Søfteland.

Ho innrømmer likevel at «Framtidspiloten» har tatt av tida til kompetansemåla. Til gjengjeld får ho motiverte elevar som følgjer med i media.

– Det er verdt det! Alt har vore bra, og forståeleg!, avbryt Sunniva Rushfeldt Nesse frå sidebordet.

Julie Ane Ødegaard Borge frå undervisingsavdelinga ved Raftostiftelsen er svært nøgd med dei unge:

– Dei ser lettare kreative løysingar, og dei kan tenke nytt. Vaksne er ofte så inne i systemet. Både innhald og metode i «Framtidspiloten» har som mål å styrke trua på at den einskilde kan utgjere ein positiv forskjell.

Dette er tredje hausten med «Framtidspiloten» i Bergen, litt endra sidan starten. Opplegget skal kunne bakast inn i alle fag, også dei praktiske. Våren 2018 skal Firda og Voss vidaregåande skular delta, men over fleire dagar, av praktiske grunnar.

Powered by Labrador CMS