Lærarstudentar i praksis i Minnesota

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har lærarutdanninga tatt på alvor myndigheitene si oppfordring om å leggje til rette slik at studentane kan gjere seg internasjonale erfaringar. Den andre gruppa med lærarstudentar gjennomførte våren 2016 praksis ved skular i Minnesota i USA.

HiSF og Bemidji State University (BSU) har dei siste par åra arbeidd med å utvikle eit samarbeid som kjem studentar og personale til gode. BSU ligg nord i Minnesota, i byen Bemidji, som er omkransa av tre indianarreservat. Dette gjer at Bemdiji er ein by som smeltar samen indianarkultur, skandinavisk nybyggjarhistorie og akademia representert gjennom BSU. Universitetet har ei eiga avdeling for «Native American Culture». Det er eit bidrag til å bevare og gje status til indianarkulturen. I tillegg har universitetet eit fagtilbod som overlappar med det ein finn ved HiSF.

Studentar i 3. året av grunnskulelærarutdanninga får tilbod om internasjonal praksis, og fem studentar valde å gjennomføre fire veker praksis i Bemidji. På førehand måtte dei utarbeide eit undervisningsopplegg som omhandla både Noreg og skulesystemet her. For denne gruppa vart undervisningsopplegget deira så populært i Bemidji at dei måtte gjennomføre det opptil tre gonger på ein dag. Elevane stilte spørsmål om alt frå kva mat som er vanleg i Norge, kva språk vi snakkar, og fleire kunne seie at familien deira kom frå Norge. Lutefisk var eit kjent omgrep, helst som ein uforklarleg matrett frå eit anna land. I tillegg inneheld praksisen observasjon i ulike timar og deltaking i ulike elevaktivitetar. For to av studentane vart opplevinga ekstra stor då dei fekk vere med ut i villmarka og merke bjørn. Svartbjørnmora var godt bedøva av eit veterinærteam då ho vart henta ut av hiet for veging og merking. Dei to bjørnungane heldt varmen under norske boblejakker, ei oppleving som ikkje var kvardagsleg for verken bjørnar eller studentar.

Dei norske studentane var på fleire ulike skular, og såg både likskap og skilnader mellom Noreg og USA. Ved Bemidji High School var det 1400 elevar, men likevel så stille at du kunne tru det var heilt tomt i bygningen. Her jobba lærarane aktivt med relasjonar, og lærar Jeff Aas kommenterte at det å klare å byggje gode relasjonar til elevane er det særeigne og viktige ved læraryrket. Der studentane opplevde den største skilnaden frå norske skular, var nok ved Red Lake school, i eit av indianarreservata. Ei skuleskyting 10 år tidlegare hadde ført til «flyplasscreening» av alle som skulle inn på skulen. I tillegg kom mange av elevane frå heimar som ikkje klarte å skaffe mat og klede til borna, så for norske studentar var det eit blikk inn i ein uvant fattigdom.

Sjølv for norske studentar som er vande med snø og kulde, kan Bemidji vere svært kaldt. Studentane opplevde ei veke med -21oC, men sidan dei var førebudde på dette, hadde dei pakka gode norske vinterklede med seg. Og om det var kaldt vêr, vart studentane positivt overraska over den varme måten dei vart mottatt på av amerikanske elevar og lærarar. Invitasjonar til middag heime eller på restaurant, isfiske og helgeturar fylte fritida deira dei fire vekene i Bemidji. Studentane kommenterte sjølv at dei opplevde noko anna enn norsk praksis, og dei gav uttrykk for at det var svært lærerikt. Det hende dei opplevde at språkkunnskapen ikkje strekte til, men dette vart betre etter kvart. Og ingen fekk heimlengsel dei fire vekene praksisen varte.

 

  • Kirsten Flaten er dosent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Powered by Labrador CMS