– Generelt sett er skolane blitt meir profesjonelle i måten dei tar imot oss på. Men lærarar som søv eller på andre måtar melder seg ut under framsyninga, har vore der heile tida, seier Charlotte Østen.Som forteljar har ho reist med Den kulturelle skolesekken i tjue år. Illustrasjon: Egil Nyhus

– Manglande interesse og generelt respektlaus oppførsel av lærarar under Den kulturelle skolesekken

Manglande interesse og generelt respektlaus oppførsel under framsyninga er eit problem for kunstnarar på skolebesøk. Og det er lærarane, ikkje elevane, som er problemet.

Publisert

– I dag skulle vi gjort morosame forsøk i naturfag. Men det er kome ei dame som skal snakke om litteratur, så det blir det dessverre ikkje noe av.

Slik vart Hilde Eskild nyleg introdusert av læraren da ho skulle ha sitt litteraturprogram i klassen.

Deretter sette læraren seg i ein krok i klasserommet og retta oppgåver under framsyninga.

Eskild er forteljar og reiser rundt til skolar med Den kulturelle skolesekken. Ho har førestillingar både med forteljeteater og førestillingar om litteratur. Samstundes er ho lærar sjølv, i halv stilling.

– Dei fleste lærarane er høflege, greie og interesserte, understrekar Eskild.

Men dei som ikkje er det, er langt fleire enn at problemet kan avvisast med at nokre særingar vil vi alltid ha, ifølgje Eskild.

– Under større framsyningar med mykje rigg går det oftast greitt. Problemet er størst under dei små framsyningane i klasserommet. I utgangspunktet er det å skape scenemagi i kvardagslege omgivnadar spennande. Men sit det eit lærar der, som retter oppgåver eller fingrar med mobilen, då blir læraren eit stort energitap. Dei kan òg gå ut og inn av klasserommet og til dømes hente elevar ut til elevsamtalar midt under framsyninga, seier Eskild.

– Er det gitt at det alltid er verdt å følgje med på framsyningane til Den kulturelle skolesekken?

– Eg meiner det er svært sjeldan at nivået på det som blir formidla derfrå, ikkje er høgt. Men det er naturlegvis ulikt kva vi likar. Alle som oppsøkjer kulturuttrykk, vil innimellom oppleve at noe ikkje fell i smak. Elevane må lære korleis dei oppfører seg ved slike høve. Da må læraren vere eit godt forbilde.

Eskild understrekar at av elevane blir ho så godt som alltid tatt imot med interesse og glede. Ord som «uinteressert» og «uhøfleg» passar svært sjeldan på dei. Likevel merkar ho godt at elevane set pris på å ha blitt informert i forkant om at dei skal sjå ei framsyning, og kva som er tema og kunstform. Men det er ulikt kor godt skolane førebur elevane på framsyningane.

 

– Utruleg typisk

– Risikoen for lærarar som rettar prøver og held på med sitt under konserten, den luktar du med ein gong du kjem inn på skolen. Det er noe med stemninga, seier musikar Lars Andreas Haug.

Han kallar lærarar som blir eit problem på grunn av manglande interesse og dårleg oppførsel for «utruleg typisk», men understrekar at problemet varierer sterkt frå skole til skole.

– Ventar du at alle lærarar skal like jazz, den musikkforma du spelar?

– Nei. Men eg synest det er rart at ikkje fleire lærarar set pris på det høvet vi gir dei til å dele ei oppleving med elevane. Vanlegvis formidlar dei, og elevane tek imot. No kan dei vere likestilte, svarar han.

Han skildrar gleda over å spele for bergtekne ungar med hakeslepp, men òg distraksjonen frå læraren som knatrar på tastaturet til ein berbar pc.

– Sjølv om vi er mest opptekne av å gi opplevingar, er vi òg interesserte i læring. Elevane skal lære om musikkformer. Kjem dei til at dei ikkje likar jazz, er det viktig læring, seier han, og held fram:

– Dei skal òg lære om konsertkultur. Særleg om sommaren seier folk at dei er på konsert når dei drikk øl med kompisar medan De Lillos syng i bakgrunnen. Men det er andre konsertkulturar der kontakten mellom sal og scene er mye meir intens. Vi ønskjer at lærarane skal vere med og formidle at konsert ikkje alltid tyder bakgrunnsmusikk. Dessverre er det lærarar som formidlar nettopp det, seier han.

 

– Mobilen den største endringa

– Mobiltelefonen, seier Charlotte Østen når Utdanning spør om det har vore ei endring i korleis lærarane oppfører seg.

Ho er sjølv lærarutdanna og har arbeidd som lærar. Som forteljar har ho reist med Den kulturelle skolesekken i tjue år.

– Generelt sett er skolane blitt meir profesjonelle i måten dei tar imot oss på. Men lærarar som søv eller på andre måtar melder seg ut under framsyninga, har vore der heile tida. Den største skilnaden i desse åra er mobiltelefonen, som gjer det mogleg å vere mentalt fråverande og ukonsentrert på fleire måtar enn før, seier ho.

– Så dette er ikkje blitt betre ettersom Den kulturelle skolesekken er meir innarbeidd?

– Før kunne ikkje lærarane sitje med øyrepluggar under framsyningar.

Østen fortel at det ikkje er lenge sidan ho måtte ta fram lærarstemma og seie: «Nå må du teie, for nå snakkar eg» under ei framsyning. Det var læraren, som prata med kollegaen, som ho snakka til.

Ein annan lærar brydde seg ikkje om å flytte seg utanfor synsvidde, men sat på kateteret sitt ved sida av artisten og knatra på tastaturet under heile framsyninga.

– Slikt er svært forstyrrande, seier Charlotte Østen.

 

– Minst blant dei minste

– Problemet med uinteresserte lærarar som forstyrrar framsyningane er minst i dei yngste klassane. Så aukar det jamt opp mot ungdomsskole og vidaregåande, seier leiar for Den kulturelle skolesekken i Nordland, Stig Løvseth.

Løvseth seier at problemet er ein gjengangar i tilbakemeldingane frå artistane, sjølv om det ikkje førekjem ofte.

– Vi har ikkje statistikk som kan talfeste kor stor del av lærargruppa som skaper problem under framsyningane, seier han.

– Kan vi vente at lærarar skal engasjere seg i kunstuttrykk dei ikkje har sans for?

– Lærargruppa er eit gjennomsnitt av folket. Alle er ikkje interessert i alt. Men lærarar kan likevel vise respekt for kunstnarane under ei framsyning. Kall det gjerne vanleg folkeskikk.

– Kva skal vi gjere med dette?

– Vi har inga fasit, men er opne for dialog. Nå evaluerer vi alle turneane. Tar artistane opp problem med lærarane i evalueringa, kontaktar vi skolen, seier Stig Løvseth.

 

Lærarane går ut

Lærarar som opptrer uengasjert og forstyrrande under skolekonsertar er kjent, stadfestar Egil Rundberget. Han er seniorrådgivar i Kulturtanken, som forvaltar Den kulturelle skolesekken. Rundberg leiar DiSko-prosjektet, som arbeider for fornying av skolekonsertane.

– Vi ønskjer eit større engasjement frå lærarane før, under og etter konsertane. Men generelt sett minkar engasjementet, det veks ikkje, seier han.

Rundberget fortel at under eit etikk-seminar i Kulturtanken nyleg vart det diskutert om kunstnarane må akseptere at lærarane forlèt elevgruppa under konsertane.

– For det skjer. Dei fleste på seminaret meinte at dei burde kunne vente at lærarar er til stades, seier Rundberg, og held fram:

– Men ein del lærarar tek på seg oppgåva som ordensvakt under konsertane. Det gjer dei litt for grundig. Dei iretteset elevane for reaksjonar som musikarane set pris på. Difor finst det dei som meiner at det var like greitt at lærarane held seg borte, fortel han.

I Kulturtanken ønskjer dei seg betre dialog mellom musikarane og lærarane, meir medverknad frå elevane under konserten og meir elevmedverknad under programoppsett og evaluering.

– Men det krev meir musikk-kompetanse enn det mange skolar har, seier Egil Rundberget.

 

– Surrealistisk

– At lærarar opptrer uengasjert og forstyrrande under framsyningar på skolane, er ein påstand som står fram som heilt surrealistisk, seier Steinar Strømsli, leiar for Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane.

– Lærarane har mange plikter, og klagar ofte over at tida ikkje strekk til. Er det da forståeleg at dei ser på besøket frå Den kulturelle skolesekken som ein fritime?

– I alle mine år som lærar og skoleleiar har eg aldri møtt den innstillinga, seier Steinar Strømsli.

Hanne Mikalsen, turneansvarleg for Den kulturelle skolesekken i Troms, seier til Utdanning at ho ikkje kjenner til at uengasjerte lærarar er eit problem.

 

– Høgt nivå i Kultursekken

Så godt som alle rektorane svarte i ei undersøking ja på spørsmålet om Den kulturelle skolesekken gir elevane kulturelle opplevingar på høgt nivå.

Dette kjem fram i undersøkinga «Spørsmål til Skole-Norge våren 2018».

Den kulturelle skolesekken ønskjer betre samarbeid med skolane. Difor var Den kulturelle skolesekken eitt av åtte tema i denne undersøkinga, som Utdanningsdirektoratet står bak. Rektorane ved 538 grunnskolar og 88 vidaregåande skolar har svart.

Undersøkinga viser at 94 prosent av grunnskolane og 80 prosent av dei vidaregåande skolane har ein kulturkontakt med ansvar for samarbeidet med Den kulturelle skolesekken. Men 52 prosent av kulturkontaktane har ikkje fått avsett tid til denne oppgåva. Ved små skolar har 72 prosent ikkje fått avsett tid.

44 prosent seier at Den kulturelle skolesekken i liten eller ingen grad er tema under møte på skolenivå. 63 prosent seier at elevrådet aldri eller i liten grad er engasjert i Den kulturelle skolesekken.

 

Powered by Labrador CMS