Foto: Paal Svendsen
– Gi barnehagelærarane høgare lønn, nå!
Det er oppfordringa frå rådet som har som oppgåve å rådgi den danske utdanningsministeren Mathias Tesfaye.
Lønns- og arbeidsvilkåra for barnehagelærarar
må bli betre, seier Rådet for barns læring. Rådet si oppgåve er å vurdere, og rådgi
utdanningsministeren om det faglege nivået, den pedagogiske utviklinga og
utbyttet elevar har av undervisninga.
Rådet om høgare lønn kjem i ein rapport om
kvaliteten i barnehagane. Der peikar dei på at ein høg andel barnehagelærarar er viktig for kvaliteten i barnehagane.
For å sikre kvaliteten treng barnehagane nå fleire barnehagelærarar. Men utviklinga går feil veg. Det blir fleire barn
og færre barnehagelærarar i barnehagane. Søkjartala til
barnehagelærarutdanninga går også ned. Difor må betringane kome raskt.
Det er bladet "Børn og unge" som melder dette.
Høgare lønn og betre arbeidsvilkår må kome
raskt, meiner rådet. Håpet er at høgare lønn skal få fleire som i dag arbeider
deltid til å jobbe fullt, at assistentar skal bli motiverte til å ta
barnehagelærarutdanning, og at søkjartalet til utdanninga generelt skal auke.