KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad gir seg ikkje i kravet om førskole i første klasse.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad:
– Få leiken tilbake i førsteklasse!

Partileiar Kjell Ingolf Ropstad har ikkje sett seg ned ein gong før han lanserer det han kallar ei av dei aller viktigaste sakene for Kristeleg Folkeparti i årets valkamp.

Publisert

– Vi vil bytte ut dagens førsteklasse med ein førskoleklasse. Namneendringa skal markere at vi vil ha ei mentalitetsendring. Vi vil ha ein førsteklasse på barna sine premiss, med ein pedagogikk mykje meir lik barnehagen enn det vi byr seksåringane i dag, seier han og landar i ein stol på møterommet innafor regjeringskontoret han har som som barne- og familieminister.

Ropstad understrekar at intensjonen med seksårsreformen var god.

PARTILEDER-INTERVJUET

Kjell Ingolf Ropstad.

Fødd 1. juni 1985.

Vald inn i kommunestyret i Evje og Hornnes som 18-åring i 2003 og fylkestinget i Aust-Agder same år.

Den yngste KrF-ar som har møtt på Stortinget, 20 år gamal i 2006.

Leiar av KrFU fra 2007-2010.

Vald inn på Stortinget i 2009.

Blei partileiar i 2019.

Barne- og familieminister fra same år.

– Men så er noko gått galt. Førsteklasse er blitt altfor skoleprega, seier han og legg til at slik han les første del av den offentlege evalueringa av seksårsrefomen, som omsider er komen, stadfestar den dette det synet.

På tvers av Høgre

Med dette har KrF og statsråd Ropstad valt ei flaggsak heilt på tvers av samarbeidspartnaren Høgre og statsminister Erna Solberg.

– At det er ein motsetning mellom å lære å lese og regne, og å vere i aktivitet og leike, det er ein feilslutning, var til dømes kommentaren frå Høges Mathilde Tybring-Gjedde til framlegget frå KrF.

Og det er ikkje berre her det er usemje mellom regjeringspartia Kristeleg Folkeparti og Høgre.

Kristeleg Folkeparti vil at fylkeskommunane skal bestemme opptakskriteria i vidaregåande skole, dei vil ikkje avskilte lærere med kompetanse fra før 2014, er mot språkkartlegging i barnehagene og er for lærarnorm i videregående skole.

KrF vil heller ikkje ha fagleg nivåinndeling i ungdomsskolen, dei vil ikkje ha kveldsopne barnehagar, vil ikkje at resultata om standardiserte prøver skal vere offentlege for einskildskolar, vil ha lovfesta rett til praksisplass i yrkesfag, og meiner det er for mye tester og pålagte prøver i skolen. I alt dette har KrF og Høgre diamentralt ulike standpunkt.

Dei er samde med Høgre i saker der det generelt er stor politisk semje, som halvparten av dei barnehagetilsette skal vere barnehagelærarar og at vi framleis skal ha karakterar i orden og oppførsel. Dessutan vil båe partia ha ein sterk plass for kristendomen i skolen , inkludert skolegudstenester.

Les alle partilederintervjuene her

Førsteklasse er blitt altfor skoleprega

Mest einige med Raudt

Kjell Ingolf Ropstad går inn i sin første stortingsvalgkamp som partileiar. Hausten 2018 var KrF gjennom eit opprivande retningsval. Daværande leiar, Knut Arild Hareide, ønska å ta partiet mot venstre og søke samarbeid med Arbeiderpartiet, mens daværande nestleiar Kjell Ingolf Ropstad ville ta partiet mot høgre. Det endte med at Ropstads side vann, og partiet gjekk inn i regjering med Fremskrittspartiet, Høgre og Venstre.

I Utdanningsnytt si vesle, og heilt sikkert ikkje fullkome, politiske samanlikning er likevel KrF i utdanningsspørsmål meir einig med Arbeidarpartiet, og meir einig med Raudt, enn med Høgre.

Ropstad under landsmøtet til KrF som vart avholdt digitalt fra Hotel Bristol i Oslo.

– Korleis skal de få sett igjennom ein utdanningspolitikk som Høgre ikkje vil ha om de held frem i regjering saman?

– Vi har alt klart det! Høgre var mot både lærarnormen og bemanningsnormen i barnehage, men vi vann fram i harde forhandlingar, som eg leidde. Vi måtte ofre motstanden mot firarkravet i matte for å kome inn på lærarutdanninga, men slik er forhandlingar.

– Dette fekk de til før de gjekk inn i regjering. Er de best utan ball?

– Nei! Lærarnormen er den største sigeren vår i denne stortingsperioden. Vi skil ikkje på kva vi har fått til i eller utanfor regjering. Vi måtte sloss for den sigeren, og vi skal sloss igjen.

Ikkje regjeringsforhandlingar

– Nå har de åtte stortingsrepresentantar, men ifølgje valprognosane er risikoen reell for at de blir færre enn det etter valet. Korleis skal de presse Høgre med færre representantar?

– Vi får nok ikkje vere med i regjeringsforhandingar om vi får færre enn åtte representantar. Da må vi arbeide for vår utdanningspolitikk ved å røyste for forslag vi er for, seier partileiaren, som samstudes gjer merksam på at det er ulike løysingar også mellom dei som på meir overordna plan er einige.

Ung og lovande. Kjell Ingolf som ungdomsskoleelev.

Arbeidarpartiet er samde med oss i at dei minste skolebarna må få ha meir frileik. Men dei vil samtudes ha fleire timar. Det vil ikkje vi, seier han.

– På barnehagefeltet ser vi nå at mange små private, gjerne ideelle barnehageeigarar gir opp og sel seg til store kommersielle kjeder. Regjeringa sender nå på høyring ein rapport om finansiering av private barnehagar. Kva er KrF-politikk her?

Lærarnormen er den største sigeren vår i denne stortingsperioden.

Små ideelle barnehagar

– Vi ønskjer mangfald i barnehagesektoren, men held ei særleg hand over dei små, ideelle barnehagane. Eg har ikkje lese rapporten ennå, men eg skal, lovar Ropstad.

– Familie og barn er heilt i kjernen av det vi byggjer vår politikk på. Og jo mindre barna er, jo større er vårt engasjement, legg han til.

Private skolar

– Ei av dei sakene dere er einige med Høgre i, er at det bør bli lettare å starte private skolar. Gjeld det også muslimske skolar?

– Ja! Vi ønsker at kristendomen skal ha ein sterk plass her i landet og i skole og barnehage, og det er ingen motsetnad mellom det og full religionsfridom. Når vi ikkje har muslimske skolar i dag er det etter det eg forstår avdi opplegga som er presentert, ikkje har tilfredsstilt lovkrava om integrering.

Jo mindre barna er, jo større er vårt engasjement

– Er du viss på at alle kristne skolar gjer det?

– Ja! Det er sikra gjennom tilsynssystemet. Kristne friskolar er gode på integrering, seier partileiar Kjell Ingolf Ropstad før han slenger ut dei lange beina og hastar inn på ministerkontoret for å gjere seg klar til regjeringsmøte.

– Hugs slips, ropar rådgivaren etter han.

Powered by Labrador CMS