Auking i talet på lærarar som har søkt vidareutdanning

Publisert

– Det er flott at så mange lærarar ønskjer å ta vidareutdanning. Fleire fagleg sterke lærarar er det viktigaste vi kan gjere for skolen. Med gode lærarar lærer barna meir, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V) i en pressemelding fra Kunnskapsdepartementet.

Tala fra Utdanningsdirektoratet viser at 11.296 lærarar har søkt videreutdanning i år. Det er 16 fleire søkjarar enn i fjor.

No er det opp til kommunane og andre skoleeigarar å godkjenne søknadane for sine lærarar, før dei kan gå vidare i opptaket til dei enkelte videreutdanningstilboda.

– Det er viktig at kommunane godkjenner flest mogleg. Det gjeld særleg dei stadar der mange lærarar framleis manglar tilstrekkeleg fordjuping i faga dei underviser i. Lærarar som treng fagleg påfyll bør få dette, seier Skei Grande i pressemeldingen.

I år har regjeringa sett av 1,54 milliardar kroner til vidareutdanning, ei tredobling sidan 2014.

Krav om fordjuping

I 2015 vedtok den daværande Solberg-regjeringa, med støtte fra nettopp Venstre og Skei Grande, nye kompetansekrav for lærarar. Krava sa at alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk og norsk teiknspråk og samisk på barneskolen, må ha minimum 30 studiepoeng i desse faga. Skoleeiarar og lærarar fikk ti år på seg før alle lærarar må fylle krava.

Vedtaket vekte store protester ettersom kravet også fekk tilbakevirkande kraft for over 30.000 lærarar utdanna før 2014.

I pressemelding fra Kunnskapsdepartementet vert det understreka at lærarar som søker fordjuping i dei faga med skjerpa kompetansekrav blir prioriterte når Utdanningsdirektoratet behandlar søknadane som er godkjende av kommunane.

"Kampane mot påfyll"

Da Utdanningsnytt nylig gjorde eit intervju med kunnskapsminister Trine Skei Grande spurde vi om å sto ved valet om å stemme for avskiltinga av lærarar for fem år sida.

Svaret vekte debatt i sosiale medier:

– Eg er veldig forundra over det synet på utdanning som lærarar gir uttrykk for her. T-baneførarar, legar og advokatar må ta kurs heile tida. Og er det eitt yrke der du aldri blir utlært, så er det lærar. Eg møter mange lærarar som vil fylle på kunnskapen, og mange som seier etterpå at det var gøy. Men eg er skuffa over dei som driv kampanje mot kunnskapspåfyll, sa Skei Granda.

Sidan 2014 har no34 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning i ulike fag.

Powered by Labrador CMS